SPESIALGLIMT

Parti fra Tromsø. Datert 1910-1920. Foto: Mitte & Co. ubb-bs-q-00260-024b.

Kvensk homopioner

Den norske homorørsla blei grunnlagd i 1950. Over 20 år tidlegare sat ein lærar og småbrukarson i Nord-Troms og skreiv både romanar og lesarinnlegg om skeiv kjærleik. Dette er soga om altaværingen og homopioneren Alf Martin Jæger.

Publisert

Den organiserte kampen for skeive sine rettar er i Noreg, som i dei fleste andre europeiske land, eit etterkrigsfenomen. Idegrunnlaget for denne rørsla er likevel eldre, nærmare bestemt strekker det seg tilbake til andre halvdel av 1800-talet då psykiatrien byrja å definera det likekjønna kjærleiken som noko en var, ikkje noko (gale) ein gjorde. Tanken om at «homoseksuelle» var eit «tredje kjønn» som var fødd slik, blei og grunnlaget for den første skeive rørsla i verda i Tyskland i 1897 og fekk ei oppblomstring særleg på 1920-talet med den pulserande storbyen Berlin som hovudsete. Men omtrent så langt derfrå ein kunne komma i Europa, i den vesle bygda Oksfjordhamn i Troms, sat ein den unge læraren og forfattaren Alf Martin Jæger (1895-1967) og brukte dei same tankane og begrepa både i romanane sine og i det offentlege ordskiftet.

Oppvekst og skulegong

Alf Martin Jæger som ung. Fotograf ukjend.

Jæger blei som ung ung skribent oppfatta som ei frisk og radikal røyst frå nord, «Finnmarkens sanger». Han va nemleg fødd og oppvaksen i Alta. Faren Martin Aleksander Jæger kom frå Hammerfest, mora Anna-Kathrine Mikkelsen frå Øvre Alta. Sidan han var fødd utanfor ekteskap budde han dei første åra på besteforeldras småbruk, der han var særleg knytt til si kvenske mormor.

Som ung blei han riven med av arbeidarrørsla og dei nye tankane om eit betre samfunn: «Det var ikke mindst det frisind og den toleranse som bekjendere av socialismen viste anderledes tænkende jeg følte mig tiltalt av», skreiv han seinare. Ei viktig inspirasjonskjelde var den radikale aktivisten Ellisiv Wessel i Kirkenes, i tidsskriftet hennar Klasse mot klasse blei dei første tekstane hans publisert. Og det var hennar finansielle hjelp som gjorde at han kunne ta eit sosialt sprang frå bondesamfunnet og inn i lærarstanden.

Kven og fornorskar

Jæger studerte i Tromsø midt i den hardaste fornorskingstida då kvenske og samiske born skulle bli norske, og lærarskulen i byen kan sjåast som eit viktig reiskap i dette einsrettande maskineriet. Mykje tyder på at Jæger som dei fleste andre, blei påverka av denne ideologien.

Jæger var ein særs produktiv skribent av petitartiklar, reisebrev og lyriske skildringar frå Nord-Noreg – og både i desse og romanane finn me til dels negative skildringar av kvenske og samiske miljø. Samtidig skreiv han også poetisk og positivt om både land og folkegrupper. Han følgde med på finsk radio, og i 1929 skreiv han at han basert på sin oppvekst «hadde stor respekt for det kvenske folks dyktighet».

Om Jæger ikkje eintydig makta å bryta med tidsånda og fornorskingsprosessane, skulle han på eit anna felt visa seg å ha eit forbløffande mot til å utfordra sterke og udiskutable normer.

Strengen brast

Hans litterære hovudtema, kjærleiken mellom menn, kan anast allereie mellom linjene i dei første artiklane han skreiv, men i kortromanen Strengen brast (1923) går han lenger. Hovudpersonen Leif er lærar i ei lita bygd i Nord-Noreg der han forlovar seg med ei kvinne frå lokalsamfunnet. Men boka skildrar òg det romantiske møtet mellom hovudpersonen og kameraten Øistein på ei hytte i fjellet. Forlovinga blir broten, men forholdet mellom Øistein og Leif får likevel ikkje utvikla seg, i staden endar boka med at hovudpersonen kastar seg over bord frå Hurtigruten.

Jæger var på dette tidspunktet blitt lærar i Oksfjordhamn i dåverande Skjervøy kommune (no Nordreisa), men før det hadde han vore i Balsfjord. For lokalsamfunnet her var det ingen tvil: boka handla om Alf Martin Jæger si tid som lærar her, og dei fleste personane i boka var gjenkjennelege, inkludert både kvinna han var forlova med og mannen han skal ha hatt eit forhold til.

Det er forbløffande at Alf Martin Jæger valde å skriva så ope om dette. Og forståeleg at folk i Balsfjord kjende seg støtt av det dei oppfatta som negative personskildringar. Frå Jæger sitt perspektiv gjorde tida i Balsfjord sannsynlegvis at han fekk eit rykte på seg som har vore vanskeleg å rista av seg sjølv om han flytta frå bygda.

Odd Lyng

Alf Martin Jægers roman "Odd Lyng" frå 1924.

Med romanen Odd Lyng (1924) blei det heile gjort endå meir eksplisitt. Her følgjer me hovudpersonen som ung journalist i ein by som heilt tydeleg er modellert på Tromsø. I Tromsø bibliotek sitt eksemplar av boka har nokon skrive inn både namn på personar og stader, for eksempel blir den fiksjonelle kaféen Trudvang identifisert som den verkelege Alfheim. Her møter Odd for første gong dei sjelfulle augene til den nokre år yngre Carsten. Seinare følgjer me dei to inn i ein av byens kinosalar der hendene deira møtest i ein intens og lada scene.

Dette er det nærmaste me kjem ei realisering av kjærleiksforholdet mellom Odd og Carsten. Hovudpersonen tolkar seinare Carsten som avvisande. Odd dreg frå byen og blir driven ut i grubleri, skam og frykt for å bli avslørt. Korfor er han slik? Ein stad tenker han at det då ikkje kunne vera straffbart å «huse homoseksuelle tanker». Men dei negative refleksjonane, som speglar dei haldningane som dominerte i samfunnet i Noreg tidleg på 1900-talet, får overtaket: han er ein parasitt, eit utskott, eit menneske som ikkje har livets rett.

Før også Odd gjer ende på det heile skriv han eit brev til Carsten der han innrømmer sine kjensler. Svaret kjem først etter at det er for seint: Det går fram at Carsten heile tida har følt det same.

Odd Lyng er blitt framstilt som den første norske «homoromanen» sett frå eit innanfrå-perspektiv. Trass i hovudpersonane sine tragiske endelikt, er ikkje bodskapet hos Jæger at den homoseksuelle kjærleiken i seg sjølv er umogleg: det er samfunnet og moralen som gjer det heile så håplaust.

Homokamp i spaltene

Men Jæger nøyde seg ikkje med fiksjonen. Den 15. november 1928 publiserte han eit lesarinnlegg i Dagbladet, der han kritiserte at det framleis var straff for seksuell omgang mellom personar av same kjønn. Han såg på homoseksualiteten som medfødd:

En heteroseksuell blir forferdet når han hører om dette. Han tenker ikke på at en homoseksuell føler akkurat like ens for en av sitt eget kjønn – som han likeoverfor en av motsatt kjønn.

I dag rysta ein på hovudet av hekseprosessane. «Mon ikke en senere tid vil gjøre det samme likeoverfor tiden nu når straffen for homoseksualitet er avskaffet i alle kulturland». Overskrifta på innlegget var «Det tredje kjønn», og Jæger sin argumentasjon var den same som blei brukt av den tidlege skeive rørsla i Tyskland og som den norske homorørsla seinare skulle ta i bruk. I 1928 blei innlegget møtt med nokre indignerte motinnlegg, men det heile bles fort av.

Dei to romanane gjorde Alf Martin Jæger til ei unik røyst gjennom måten han framstilte homoseksualiteten på. Ved å ta ordet i Dagbladet gjekk han endå lenger: her gjorde han seg til talsmann for ei sak dei færraste ville knytt namnet sitt til, og det trass i at han sjølv sto lagleg til for hogg. Til samanlikning brukte dei tillitsvalde i den norske homorørsla psevdonym når dei skreiv om tematikken heilt fram til andre halvdel av 1960-talet. Det fanst praktisk talt ikkje liknande innlegg i avisene på 1920- og 1930-talet. Det nærmaste ein kjem er Karl Evang og Torgeir Kasa sin banebrytande tidsskriftsartikkel om emnet i 1932. Her tok dei til orde for avkriminalisering og aksept, noko som til dels førte til sterke reaksjonar. Sidan dei skreiv som legar, og dermed som «ekspertar», blei dei likevel neppe mistenkt for å sjølv vera homoseksuelle. Jæger sto tilsynelatande på langt mindre trygg grunn.

Det er mykje som tyder på at Jæger sjølv var tiltrekt av menn: hendingane i Balsfjord og det at han konsekvent var opptatt av tematikken heile livet, indikerer det. At hans engasjement i denne saka har blitt brukt mot han, kan ikkje utelukkast, men dei føreliggande kjeldene tyder på at han likevel stort sett blei sett som ein respektabel del av lokalsamfunnet, han sto til og med på vallista til Arbeidarpartiet for Skjervøy.

Giftarmål og krig

I 1935 gifta Alf Martin Jæger seg med lærarinna Aagot Georgine Josefsen (1896–1964) frå Helgøya, som han truleg kjende frå studietida. Dei var begge rundt 40 år og hadde litteraturinteresse, bakgrunn frå små kår og læraryrket til felles. Dei budde i lange periodar frå kvarandre, men flytte som pensjonistar til Røkland i Saltdal, der Aagot døydde i 1964.

Etter først å ha oppmoda til motstand, skreiv Jæger i 1941 eit innlegg om at ein måtte halda seg i ro. Det er også indikasjonar på at han på andre måtar la seg på ei samarbeidslinje med okkupantane og NS-regimet, trass i at han i utgangspunktet sto langt frå ein militaristisk og rasistisk ideologi som nazismen. Dette kan i tilfelle forklara at me knapt finn spor etter Jæger sitt namn i Nordlys, avisa han hadde vore fast skribent og meldar for, etter krigen. Etter nokre år på Austlandet i dei første etterkrigsåra, fekk han igjen ei lærarstilling, denne gongen i Ersfjord i Berg på Senja.

Ungdomsbok og homopolitikk

Ungdomsboka "Ser du en stjerne" frå 1950.

Den siste romanen Jæger gav ut kom i 1950. Ser du en stjerne handlar om tolvåringen Sigfred, som blir glad i den jamaldrande Waldemar. Hovudpersonen er skildra som ein kjenslevar gut som erkjenner at han ikkje er som andre, og som langsamt innser at kjenslene han har for Waldemar, ikkje er gjensidige. Men boka endar ikkje fatalt som romanane frå 1920-talet, og om Sigfred er annleis og forelskinga ulykkeleg, er ikkje dermed håpet ute. Boka endar med desse linjene: «Men brant det ikke bak alle tåker en evighetsstjerne – en lykkestjerne – også for Sigfred».

Ein av dei som la merke til Ser du en stjerne, var ein ung mann ved namn Rolf Løvaas (1923–1996). Han var den første formannen for den norske homorørsla – Det norske forbundet av 1948 – og som ledd i arbeidet var han på jakt etter allierte. Han skreiv til Jæger og roste boka og forfattaren sitt mot. Jæger ville ikkje melda seg inn i Forbundet, men uttrykte støtte til initiativet. Seinare stilta han seg meir tvilande. «Var det ikke bedre at der ble drevet aapenlys agitasjon for aa faa vekk denne lovparagrafen som er en skam for en kulturstat,» skreiv han til Løvaas. Han meinte mange kunne tenka seg å skrive under på eit opprop mot paragrafen. Korrespondansen enda etter fire brev, og me finn ikkje fleire spor etter kontakt mellom Jæger og Forbundet.

Forfattaren Lars Berg (1901–1969) brevveksla på 1960-talet med Jæger, og rosa han for tidleg å ha tatt opp homoseksualiteten som tema. No var Jæger blitt enkemann, og Berg oppmoda han om å skriva meir, ikkje minst sjølvbiografisk basert på alt han hadde opplevd. Jæger sette i gang, og han var nesten heilt ferdig med eit manus då han i 1967 døydde. Kva som skjedde med det sjølvbiografiske manuskriptet er framleis ei gåte.

Fem år etter at Jæger døydde blei § 213 i Straffelova endeleg oppheva, paragrafen han modig hadde foreslått oppheva i Dagbladet 44 år tidlegare.

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Powered by Labrador CMS