SPESIALGLIMT

Edwood Christensen sin fotosamling før ompakking. Fotografia er organisert etter tema.

Omsut som metode - notat frå ein fersk fotoarkivar

Underteiknande har arbeida på Billedsamlingen sida hausten 2023 og har teke del i mange av dei ulike oppgåvene som fotoarkivar. Det var særleg eit element av arbeidet ho fann overraskande; Kjensla av omsut for materiala ein tek hand om.

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

“There’s a level at which words are spirit and paper is skin. That’s the fascination of archives. There’s still a bodily trace.” Susan Howe

 

Arkiv er som kropp og masse, arkiv vert eldre og meir komplekse, men får også stadig påfyll med nye røynsler og perspektiv. Likesom ein kropp vart arkiv betre av omsut. Møtet mellom arkivaren og nyare og gamalt materiale er eit taktilt møte med omsut som metode.

Fotografi får sin evige heim

Arkivering er omsut. Fotografia kjem til oss på ymse måtar. Nokre samlingar kjem som elska barn, i godt hold, i mapper med vedlagt protokoll, eller i form av glassnegativ i små permar som etterliknar innbundne bøker. Andre kjem i rotete og gløymde kassar som tok opp plass på loftet, stive 35 mm rullar i gamle metallhylster, eller som mellomformat negativ i inntørka lommer, eller nyare papirkopiar som aldri forlèt konvolutten frå fotobutikken. Nokre samlingar er av profesjonelle fotografar som etterlet seg livsverk, andre er personlege fotoalbum frå eit liv levd og fotografert av ein entusiastisk amatørfotograf. Mykje kan vere av interesse for oss, og gjennom vårt blikk, interesse og faglege kompetanse, blir bileta ivaretekne for ettertida.

Original papirkopi av Hvalen 'Mrs. Harøy' fraktes i land av Edwood Christensen

Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket inkluderer nesten alle fototeknikkar. Det kjem stadig inn meir organisk og på ein måte “levande" materiale som må prosesserast og arkiverast forsvarleg. Særleg nitratcelluloid film er utfordrande dersom den vert oppbevart i store kvantum i magasin med dårleg luftventilasjon. Sidan materialet i seg sjølv er ustabilt ved visse temperaturar og kan gje giftige gassar kan den ta fyr eller eksplodere. Gode magasin og riktig arkivering er difor viktig. Filmrullar og papirkopiar blir prega av tida. Fukt, solljos, kondens og berøring skal ein helst unngå. Men berøringa må til. Materialet må prosesserast.

Arkivering er ein taktil praksis. Maskerte hender i bomullshanskar handsamar fotografia. Materiale som har eksistert i fleire tiår allereie, og som heldigvis har enda opp i ein fotoarkivar sine omsynsfulle hender. Fotografia skal undersøkast, pakkes om, digitaliserast og katalogiserast. Samlingar som kjem inn kan ha vore oppbevart dårleg, kanskje ikkje blitt sett eller satt pris på og mest sannsynleg ikkje blitt forska på. Eg kjenner ofte på ein ærefrykt når eg handsamar originale negativ eller papirkopiar frå viktige samlingar. Å røre ved arbeidet utført av mine fotografiske forgjengarar er ei kjensle det er vanskeleg å setje ord på, og fotografen i meg kjenner på ein yrkesbyrgskap. Eit foto kan bli ein del av vår felles historie, om det kjem til riktig plass.

Eit døme på korleis originalmateriale ser ut før ompakking.

Handskrive signaturar og hundrevis av konvoluttar

Me tek inn nye samlingar med kunnskap og entusiasme. Samlingar kan kome på døra vår i form av eit uventa lita fotoalbum eller ein massiv samling me har ønska oss frå ein pensjonert fotograf. Etter litt undersøking av materialet pakkar me om. Me har solide pappkassar og papirkonvoluttar i diverse størrelsar, som skal huse alle objekta som skal pakkast. Kvart bilete vert lagt inn i sin eigen vesle papirkonvolutt, med handskrive arkivnamn. Dette unike arkivnamnet – signaturen – er vår måte å navigere tilbake til det spesifikke fotoet. Med eit unikt namn vert det prosessert, plassert, registrert og sett. Med eit unikt namn vert det teke vare på.

Å gå gjennom originale papirkopier gir eit veldig godt inntrykk av samlinga.

Kvar signatur vert handskriven med blyant av typen hard grafitt, slik arkivnamnet er tydeleg å lese utan at blyet skadar papiret. Denne signaturen vert skriven ned med oppdatert talsekvens om att og om att, til alle fotografia har fått konvolutt, eit namn og nummer. Handa blir sliten, blyantspissaren full, og tankane må stadig samlast under denne monotone handlinga. Ein enkel, men viktig prosess. For mange kan dette høyrast ut som kjedeleg arbeid, men motivasjonen til å ta vare på materialet bryter med denne monotone og repeterande handlinga. Dette er fordi arbeidet vårt er omsutsarbeid. Med kvar kode som var skriven, er det som å gi nytt liv til kvart foto. Samstundes så kikkar ein på materialet ein pakker om, som ofte er interessante, av og til vakre eller triste glimt av eit liv. Alle desse glimta kan forme eit heilt liv. Særskilt om samlinga er omfattande. Å følge eit barn veks opp, møte intime blikk inn i kameralinsa, kikke inn i dei private interiøra som tek plass bak husveggar, legge merke til eit gløymd bygg som forsvann i ein brann, følgje unge menneske frå forelskelse til giftemål, og vere vitne til lukkelege nye foreldre til ei enke som held sitt farlause barn. Viktige historiske personar eller hendingar, men frå eit nytt perspektiv. Alt dette kan kome fram i ei samling.

Fotoarkivarane er dyktige på å legge til side foto av særleg interesse. Historie som bør formidlast, personar eller fenomen som ein burde kikke nærmare på. Korleis kan desse gamle fotografia bidra til vidare kunnskap i dag? Dette er også ein viktig del av omsutsarbeidet. Å sjå på eldre materiale med eit skråblikk, med nyfikne auge og sjå potensialet for vidareformidling. Historia er latent og passiv om den ikkje vert synleggjort eller formidla. Men ved at fotografia vert prosessert flyttar bileta inn i fotoarkivarens medvit. Altså er arkivarar ein heilt uvurderleg ressurs i å hente fram historia som er gøymd i bileta.

Å fotografere eit fotografi

Med digitaliseringa vert også denne medviten og kunnskapen spreidd vidare til andre. Med digitale ressursar som forbetra søkemotorar, større serverar og ein generelt forbetra digital infrastruktur vert desse samlingane tilgjengelege for allmenta. Nokon bruker skannarar for å digitalisere, men på Billedsamlingen er fotografering med fotokamera sentralt i digitaliseringsprosessen. Om ein er kjent med mørkeromsarbeid vil denne prosessen minne om framkalling av fotoprints frå negativ. Ein arbeider i eit mørkt rom, med negativ du vil “forstørre” -i vårt tilfelle ja, men også digitalisere- plasserer negativet inn i ein negativramme for så å legge det på ei plate -i dette tilfellet ofte eit lysbord - med eit kamera festa til stativ som minner om forstørringsapparatet i mørkerommet.

Eit typisk døme på ein «sop-i-hop» samling kor det er forskjellige fotografer og motiver som ofte er donert av ein samlar.

Det er spesielt å fotografere eit fotografi. Det er eit foto inne i ein ramme som skal rammast att inne i kamersøkaren. Så mange lag å vise omsyn for. Alt må vere beint i ramma, skarpt i billedflata og i vater i forhold til fokusplanet. Som regel når ein retter kamera mot noko, eller mot eit motiv, så er det “nytt”. Det lever og røre på seg inne i linsa, det reflektere ljos frå omgivnadene og er eit ferskt og nytt foto. Å fotografere eit fotografi er noko heilt anna. Det er eit statisk motiv som allereie har eit trekk av patina, som kjem frå ein heilt anna plass og tid. Motivet er ikkje ditt for å skape, men ditt for å formidle. Likevel vert ein påverka av motivet inne i søkaren. Ein blir, i ein liten augneblink, plassert i ståstaden til den opphavlegare fotografen, og kanskje kjenner ein på kjensla som fotografen følte på i det fotografiet vart skapt. Motivet går frå negativflata på lysbordet og inn på datamaskina og serverane våre. Der ligger det klart for å bli etterbehandla og katalogisert.

Fotografia får ein digital representasjon og ein fysisk hylleplass

Katalogisering er ein kunst. Då skal ein legge til all metadata til dei digitaliserte fotografia. Her gjeld det å skriv inn riktig info i riktig felt i programvara. Tittel, signatur, dato, skapar, skildring, lokasjon, tilhøyring og så videre. Det som er gymnastikken i katalogisering er å legge inn emneord, også betre kjent som søkeord. Når ein besøker Billedsamlingen sin digitale database marcus.uib.no kan ein søke på foto ved å skrive til dømes: hund, kvinne, hatt, osv. For kvart foto me katalogiserer må ein først studere fotoet, og ta ein vurdering av kva som er viktig å formidle av innhald. Kva er i fokus? Kva er kontekst? Av og til står det info på framsida eller bak sjølve fotografiet som gir oss metadataen på sølvfat. Er me heldige står det originaltittel, med årstal, lokasjon og fotografen. Kanskje til og med namnet på personen som blir portrettert. Av og til ingenting. Det siste kan vere utruleg frustrerande, fordi ein som arkivar oftast får eit inntrykk av kva forteljinga i fotografiet kan vere, men av og til får vi aldri vite sanninga. Historia i bileta blir verande eit mysterium.

Signaturen vert skriven på kvar konvolutt til kvart foto frå Thowsen samlinga.

Om me har eit hint, som eit namn eller årstal, kan me ta på oss detektivhatten og leite oss fram til svar. Dette er ein luksus me har i katalogiseringsprosessen, for me vil gjerne fylle ut metadataen for å forstå fotografia betre. I denne prosessen ramlar ein ofte over mykje ny kunnskap. Det kan vere om arkitektur, om ei viktig hending eller eit nærstudium om livet til ein privatperson. Dess meir metadata, dess fleire søkeord, og jo meir synleg vert fotografiet i det digitale arkivet. Slik får fotografia eit større publikum og sterkare relevans enn andre bilete med mindre informasjon og som difor ikkje dukkar opp like ofte i søkeprosessen.

Det er interessant at den digitale representasjonen av fotografiet som ligg på våre nettsider på nokre vis er den mest verdifulle versjonen, i den betydning at eit fotografi er så godt som usynleg utan gode søkeord. Viss fotoarkivarar ikkje bruker god tid på å legge inn eit utval av relevante, søkbare ord, mister fotografiet sin sjanse til å vere synleg, og dermed sitt potensiale til å bli gjenstand for forsking, eller berre ein kjelde til fascinasjon og ny lærdom for allmenta. Etter at fotografia er blitt tilgjengelege på nettsida, får me ofte tilbakemelding frå observante og kunnskapsrike entusiastar som sit på ytterlegare informasjon, som riktig gateadresse eller namn på personar som dei kjenner att. Dette er også med å styrke samlingane våre, fylle ut metadataen endå meir og skaper fleire treff i søkeprosessen.

Ein fin samling av utsmykkede visittkort frå mange ulike fotografer.

Ved å jobbe med ei samling på denne måten, gjennom alle desse stega, kjem ein tett på materialet. Ein får kjennskap til enkeltskjebnar, lærar å sette pris på estetiske val som har blitt tatt av fotografen, og ein vert glad av å sjå att det same smilet på fleire av bileta. Gjennom denne forma for omsut får samlinga større verdi i hendene (og auga) på fotoarkivaren. Slik den amerikanske poeten og kritikaren Susan Howe har sagt det, “There’s still a bodily trace”. Eg trur at den taktile nærleiken til materialet, at vi kjem så tett på ein anna person si historie, er det som gir den omsutskjensla. Og det er omsuta som motiverer oss til å vise fram alt som kjem inn i samlinga vår. Me har tilverka materialet med hendene, me har bore kassar inn og ut av magasina, fått skrivekrampe, studert detaljer, satt oss inn i historia. Deretter vert jobben å formidle desse etablerte kvalitetane vidare til andre, og å oppmode andre til å sjå kva me ser som fotoarkivarar. Når katalogiseringa er ferdig vert samlinga plassert på ein spesifikk hylle i det kjølige magasinet, kor det er mørkt og tørt med ein stabil temperatur, og frisk forsyning av luft så ingenting eksploderer - kor fotografia kan stilne og potensielt bevarast for alltid.

For ein nærmare kikk på samlingane eg har jobba med, klikk her:

https://marcus.uib.no/instance/collection/ubb-ec

https://marcus.uib.no/instance/album/ubb-bs-fol-01360.html

https://marcus.uib.no/instance/collection/ubb-thw

 

Følg gjerne Billedsamlingen på sosiale medier:

Instagram: uib_billedsamlingen

Facebook: Billedsamlingen

Eit fascinerande og forseggjort fotoalbum av Arild Jadar som dokumenterte livet i Arbeidstjenesta.
Powered by Labrador CMS