SPESIALGLIMT
«Befolkningspolitiske blindgjengarar»: Ny forsking om skeive under krigen
I 1942 foreslo det nazistiske regimet å skjerpa inn forbodet mot homoseksualitet i Norge. Korfor kom forslaget opp, kva lagnad fekk det, og kva kan denne prosessen seia oss om okkupasjonsstyret? Forsking på Skeivt arkiv kastar nytt lys over desse spørsmåla.
Våren 1942 foreslo tyske og norske NS-styresmakter å skjerpa inn forbodet mot homoseksualitet i § 213 i straffelova. SS-mannen Edmund Jess i Reichskommissariat og den norske politiminister Jonas Lie, meinte paragrafen var heilt utilstrekkeleg for å nedkjempa det dei såg som ein «farsott» som kunne breia om seg og bryta ned det verdifulle «ariske» norske folket innanfrå.
Bakgrunn: Den norske homoparagrafen
§ 213 forbaud rettnok seksuelle forhold mellom menn, men han blei berre brukt i sjeldne og heilt spesielle tilfelle. Då dei folkevalde i 1902 vedtok landets nye straffelov, valde dei nemleg å inkludera eit ledd som sa at påtale berre skulle finna stad «naar det paakræves af almene Hensyn». Denne vage formuleringa blei i forarbeida konkretisert til tilfelle der det var vakt «offentlig forargelse» eller der ungdom var blitt «forført».
Det var påtalemakta (statsadvokatane) som i kvart tilfelle avgjorde om det førelåg «almene hensyn» som gjorde at ein kunne reisa påtale: I praksis blei dermed ytst få saker som involverte to vaksne menn brakt opp for retten. I dei få tilfella § 213 blei i brukt, gjaldt det som regel forhold der ein mann over 21 år hadde hatt eit forhold til og «forført» ein yngre mann under denne alderen (altså i aldersgruppa 16 til 21 år).
Edmund Jess sitt forslag om innskjerping
Då Edmund Jess, juridisk ekspert for den tyske okkupasjonsmakta, i februar 1942 gjorde greie for den strafferetsslege situasjonen i Noreg, la han nettopp vekt på kor sjeldan § 213 hadde vore brukt. Ja, han hevda til og med at homoseksualiteten på grunn av denne utilstrekkelege paragrafen hadde fått ei ekstraordinært sterk utbreiing i Noreg. Dermed gjekk han inn for å endra paragrafen ved å innføra strengare straffar og å fjerna paragrafens ledd om «almene hensyn», slik at seksuelle forhold mellom menn kunne bli forbodne utan avgrensingar. Førebiletet var utan tvil den tilsvarande innskjerpinga som nazistane hadde gjort i 1935 ved å endra den tyske straffelovas § 175.
Edmund Jess var altså grunnleggande på kollisjonskurs med det som hadde vore norsk lov sidan 1902: I forarbeida til straffelova hadde den sterke påtaleavgrensinga blitt grunngjeve med at den offentlege merksemda som uungåeleg ville følgja rettssaker knytt til slike saker, ville ha meir uheldige verknader, enn sjølve brotsverket.
Denne uviljen mot å setja homoseksualiteten på dagsorden, hadde lenge gjennomsyra korleis temaet blei behandla i Noreg. For Jess var det derimot slett ikkje slik at ein kunne sjå gjennom fingrane med homoseksualiteten så lenge han berre gjekk føre seg diskret mellom jamngamle vaksne i den private sfæren.
«Infisering av folkekroppen»
Ideen om homoseksualiteten som noko ein kunne bli forført til var ikkje spesifikt nazistisk, denne tanken var som nemnd også bakteppet for at § 213 særleg blei brukt mot vaksne menn som hadde forført ein person under 21 år. Men det scenarioet Jess teikna opp skilde seg likevel ut: for det første ved at konsekvensane av ei lemfeldig haldning til homoseksualitet var framstilt langt meir dramatisk og vidtrekkande, for det andre ved at retorikken var tydeleg nazistisk i sitt tilsnitt. Jess si utgreiing var heilt tydeleg i tråd med den forståinga av homoseksualiteten som var utvikla av Himmler og SS: om at det berre fanst eit lite mindretal, ca 2 % av alle menn, som var eigentleg homoseksuelle (av anlegg), men at ein langt større del av den mannlege befolkninga, og ikkje berre unge, sto i fare for å bli «forført» inn på galne vegar og slik enda opp som likekjønna orienterte.
Jess karakteriserte homoseksaliteten som ei «infisering av folkekroppen» («Verseuchung des Volkskörpers») som hadde fått breia om seg uforhindra i Noreg nettopp på grunn av det slappe lovverket.
Politiminister Lie foreslår innskjerping
Jess sitt forslag kom parallelt med at politiminister Jonas Lie var i ferd med ei gjennomgripande omkalfatring av politiarbeidet etter nasjonalsosialistisk modell og i mai1942 foreslo også Lie at § 213 måtte endrast ved at formuleringa om almenne hensyn måtte strykast. Han meinte det var uheldig at personar med «homoseksuelle tilbøyeligheter» kunne utfalda seg fritt så lenge det føregjekk i det skjulte.
Den homoseksuelle var i følgje Lie ein «befolkningspolitisk blindgjengar». Ein blindgjengar er ein granat eller bombe som ikkje går av, og Lie sitt poeng var at ein måtte hindra at homoseksualiteten breidde om seg slik at stadig fleire menn blei førde bort frå å forplanta seg. Språket til Jess og Lie var prega av nazistanes rasistisk definerte befolkningspolitikk: Nasjonen eller rasen blei sett på som ein organisme, ein «Volkskörper» (folkekropp), det einskilde individet var berre ei celle i denne. Jess og Lie (som også Himmler) såg homoseksualiteten som ein farsott eller infeksjon («Volksseuche», «Verseuchung») på folkekroppen («Volkskörper») som det var avgjerande å operera vekk før heile organismen blei infisert.
Jonas Lie var leiar for Germanske SS Norge og ein svært mektig mann, og forslaget hans var stila til justiminister Sverre Riisnæs, som i tillegg til å vera Lies kollega som statsråd, var hans nestleiar i Germanske SS Norge.
Bremseklossar og tilfeldigheiter
Framlegget som frå politiministeren som i mai 1942 no hamna på justiminister Sverre Riisnæs sitt bord, hadde altså eit umiskjenneleg nazistisk ideologisk preg, og både den tyske okkupasjonsmakta og ein norsk NS-minister sto bak, slik at ein skulle tru det enkelt ville gli gjennom. Men den vidare prosessen fortel ein heil del om det norske okkupasjonsregimet, det var nemleg slett ikkje slik at alle forslag til lovendringar blei gjennomførte berre fordi dei var i tråd med ideologien. Då Riisnæs sendte forslaget til vidare utgreiing både til riksadvokaten og til juridiske ekspertar i hans eige departement, møtte han begge stader motstand.
I Justisdepartementet si lovavdeling var det juristen Andreas Endresen som i starten av juni fekk saka på sitt skrivebord. Både Endresen og hans overordna, ekspedisjonssjef Henrik Bahr, var ein del av embetsverket med fartstid frå før krigen. Dei er typiske døme på aktørar som i nyare forsking av historikarane Ane Ingvild Støen og Kjetil Braut Simonsen, har vore karakterisert som «bremseklossar» innan departementa – som såg det som si oppgåve å argumentera mot og trenera forslag av ideologisk art som hamna på deira bord.
Endresen sette no i gang med å skriva eit første utkast (konsept) til det som skulle bli svaret frå justisministeren til politiminster Lie. Dette konseptet skulle så gå vidare til Endresen sin ekspedisjonssjef Henrik Bahr, som kom til å tilføya sine kommentarar med raud penn på Endresens maskinskrive konsept.
I tilllegg til å visa til at odde argumentert mot ei endring, kritiserte Andreas Endresen også direkte Jonas Lie si ideologiske grunngjeving, påstanden om at homoseksuelle var befolkningspolitiske blindgjengarar. Endresen formulerte seg slik i sitt maskinkrivne konsept:
Jeg tror ikke at påstanden om at den homoseksuelle er en «Bevölkerungspolitischer Blindgänger» skulle veie så sterkt at noen endring av strl. § 213 av den grunn bør foretas. Selv om det blir ilagt strenge straffer for homoseksuelle handlinger, har jeg liten tro på at de homoseksuelle av den grunn vil begynne å avle barn.
Til dette føyde Henrik Bahr i margen med sin raude penn: «Og det er kanskje like bra at de lar det være!»
Endresen og Bahr uttrykte med dette medvite avstand til den ideologiske grunngjevinga til Jonas Lie; dei harselerte rett og slett med det dramatiske og ideologisk farga farsottscenarioet politiministeren hadde presentert.
Endringsforslaget som aldri blei noko av
Då Sverre Riisnæs fekk sjå Endresen sitt utkast sette han ein stor raud strek over det heile og konkluderte heller med det motsette: at han var heilt einig med politministeren i at § 213 burde innskjerpast. Han la til at spørsmålet skulle takast opp i samband med ein planlagt større revisjon av straffelovast sedeligheitskapittel.
Med dette var det no i prinsippet duka for ei endring av § 213, slik at ein kunne straffeforfølga seksuelle forhold mellom (norske) menn i langt større grad enn før. Problemet var berre at den revisjonen av sedelighetskapittelet i straffelova Riisnæs varsla, aldri blei noko av. § 213 blei dermed ståande som han var og likekjønna seksuelle forhold mellom norske sivile menn blei ikkje i større grad straffeforfølgd under okkupasjonen enn i åra før krigen – i praksis kom det berre til ei handfull dommar etter § 213 i perioden 1940-45 (og truleg gjaldt dei fleste «forføring» av unge, slik praksis hadde vore før krigen).
I ein artikkel i Historisk tidsskrift nr 3 2025, går eg nærmare inn på prosessen og diskuterer korfor innskjerpinga ikkje blei gjennomført. Eg peiker på at endringsforslaget av § 213 inngår som ei rekke av ambisjonar og føreslåtte tiltak som ikkje blei noko av under okkupasjonen. Mens regimet hadde meir enn nok med å slå ned på motstandsaktivitet og var i full gang med planen om å deportera og myrda jødane, dei ideologiske og rasemessige hovudfiendane, kom andre mindre sentrale fiendegrupper (som homofile) i andre rekke.
Nytt lys på okkupasjonsregimet
Forslaget om endring av § 213 viser oss, i motsetning til kva som tradisjonelt har vore kjent, at homoseksualitet var eit tema for okkupasjonsregimet i Noreg. Samtidig var det ikkje eit hovudtema, partiet NS hadde til dømes ikkje ei slik endring på agendaen og konsentrerte seg på det seksualpolitiske feltet heller om å avgrensa tilgangen til abort og prevensjon.
Forslaget og lagnaden det fekk viser at det norske okkupasjonsregimet var komplekst og prega av konkurrerande instansar som ikkje alltid trakk i same retning: tilfeldigheiter kunne dermed avgjera kva som blei gjennomført og ikkje. Trass i ei forsøksvis nazifisering av embetsverket, var det mange byråkratar frå før krigen som representerte kontinuitet og som såg det som si oppgåve å forsvara det eksisterande lovverket. Sjølv om Andreas Endresen og Henrik Bahr sin argumentasjon for å bevara det eksisterande forslaget altså blei overprøvd av justisminister Riisnæs – kan deira innvendingar ha medverka til at justiministeren ikkje pressa forslaget gjennom med ein gong, men heller plasserte det i reformkøen.
Straffeforfølging av tysk-norske forhold (§ 175)
Forskinga om § 213 under krigen inngår i eit forskingssamarbeid om forfølging av skeive under okkupasjonen, der Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen har deltatt saman med forskarar frå Grinimuseet (Museene i Akershus), OsloMet og NTNU. Når § 213 ikkje blei endra, medførde det at seksuelle forhold mellom norske menn i det ordinære norske rettsvesenet ikkje blei straffeforfølgd meir enn i sjeldne og spesielle tilfelle.
Men forskingsprosjektet har også avdekka eit større domsmateriale frå tyske domstolar i Noreg, der det ikkje var den norske straffelova (§ 213) som gjaldt, men den tyske § 175. Dei tyske militærdomstolane og SS-domstolen i Oslo kunne nemleg gripa inn mot nordmenn når vedkommande hadde hatt eit forhold til tyske soldatar (eller tyskarar som indirekte var knytt til militæret eller som var med i SS). I sitt delprosjekt har Camilla Maartmann frå Grinimuseet vist at eit større tal norske og tyske menn blei dømd for likekjønna seksuelle relasjonar etter § 175 enn det som tidlegare har vore kjend. I tillegg har Hans W. Kristiansen (OsloMet) og Maria Fritsche (NTNU) brukt det rike domsmaterialet til å undersøka nærmare korleis norske og tyske menn møtte kvarandre og kva dette fortel oss om miljø og møtestader.
Forutan artiklane i Historisk tidsskrift resulterte prosjektet i eit seminar på Litteraturhuset i Oslo i fjor, som er filma og gjort tilgjengeleg av Skeivt arkiv: Homoseksualitet i et okkupert Norge | Skeivt arkiv.
Skeivt arkiv som kunnskapssenter om skeive under nazismen
Eit vidare samarbeid mellom Skeivt arkiv og Grinimuseet samt dei andre forskarane i prosjektet, er i startgropa. Planen er å samla inn fleire kjelder frå norske og tyske arkiv, og ikkje minst å bearbeida og analysera kjeldene grundigare enn det det har vore rom til i prosjektet så langt. Skeivt arkiv og Grinimuseet ønskjer med dette å bygga vidare kompetanse og dokumentasjon på eit felt av den norske okkupasjonshistoria som ikkje har blitt via særleg interesse frå dei andre forskarmiljøa og kulturarvinstitusjonane som har nasjonalsosialismen og okkupasjonshistorie som sitt ansvarsområde.
Litteratur og kjelder
Sjå referansane i Runar Jordåen sin artikkel «Infisering av folkekroppen»? Den norske straffelova og seksualitet mellom menn under okkupasjonen: «Infisering av folkekroppen»?