SPESIALGLIMT

Gullgubbe frå Aska i Hagebyhöga, Sverige, datert til ca.700 e.vt.

Gullgubbar og stadnamn – kunnskap i ei høgare eining

Eit gullfunn frå merovingertida gir oss eit sjeldant innblikk i den førkristne religionsforståinga. Funnet viser korleis arkeologier og stadnamnforskinga kan ha nytte av kvarandre.

Publisert Sist oppdatert

Eit spennande arkeologisk funn 

Hovedkonsentrasjonsområdet for stadnamn på gamalnorsk hof – området rundt Oslofjorden opp til nord for Mjøsa. Garden Hov på Lillehammer er markert med gul farge.

Dei siste dagane har det gått ei nyheit i dagspressa om eit stort gullfunn frå merovingertida på Lillehammer, nær Vingrom kyrkje. Funnstaden vert tolka som eit såkalla gudehov, i følgje forskning.no, altså ein førkristen heilagdom. Gullfunnet består av små innstempla gullplater, som ein kallar gullgubbar. Desse er typiske for kultstader særleg i Sør-Skandinavia, men dei er òg kjende i mindre antal frå Noreg. Dette funnet er spektakulært med sine i alt 35 gullgubbar. Merkeleg nok spekulerer ingen av artiklane i pressa på kvifor gullgubbane er dukka opp av jorda nett der på den staden. Men svaret er openlyst – garden dei er funne på heiter Hov, som tyder ’heilagdom’.

Hov- eit innblikk i den tidlege religionen

I Noreg finst det over 100 stadnamn som er danna til ordet hov, gammalnorsk hof, ’heilagdom’. Dei fleste av desse er i usamansett form, anten Hov eller Hove. Dei resterande, samansette stadnamna er hovudsakleg sette saman med namnet på ein av dei gamle gudane, Frey, Freyja, Njord og Thor – som understrekar endå meir den kultiske signifikansen av namna. Når desse namna har oppstått, veit vi ikkje. I seg sjølve gir dei ikkje mogleik for nærare datering enn at det er skjedd i førkristen tid.

Ut frå stadnamnarkivet i Språksamlingane kan vi lage oss eit inntrykk av kvar vi finn hov-stadnamna. Hovudtyngda av desse namna er å finne på Austlandet og i det sydlege Trøndelag, men dei finst generelt over heile landet frå Agder i sør til Lofoten i nord. Men nord om Trondheimsfjorden og mellom Sognefjorden og Sørlandet er det ikkje meir enn ein handfull døme i kvar område. Sjå figur 1 og 2. Kartet viser berre dei stadnamna som har gammalnorsk hof i hovudleddet sitt. Dersom vi tek med dei stadnamna som har dette ordet i samansetjingsleddet sitt, blir det faktisk nesten tre gonger så mange førekomstar!

Distribusjonskart over stadnamn på gamalnorsk hof ‘heilagdom’.

Stadnamn er eitt av dei få handgripelege bevisa på heiden kult og gudedyrking i Noreg. Det er berre i enkelte tilfelle at ein med sikkerheit har kunna påvise organisert kultisk aktivitet ved help av arkeologi. Men stadnamna som inneheld gammalnorske ord for heilagdom, som hof og vé, viser kvar kultdyrkinga fann stad, og nokre gonger også kva gud som vart dyrka der. Stadnamna kan derimot ikkje seie noko om korleis dyrkinga manifesterte seg. Av og til gir skrivne kjelder nokre indikasjonar, som det femte kapitlet av Færøyingasaga, som opplyyser at: Havgrim, som budde på Suðuroy på garden Hov, var ein stor blotmann – for den gongen var alle færøyingane heidne.[1]

Gullgubbane sin betydning i den førkristne religionen

Funnet på Hov består blant anna av ein spesiell bygning, for liten til å bu i, men passande til seremoniar, og fine små stempla gullstykke – gullgubbar. Dei vart laga ved at ein hamra ut smeltedråpar av gull til gullblekk. Når gullblekket var høveleg stort og tjukt, vart motivet prenta inn frå baksida med eit stempel, også kalla ein patrise, av bronse. Kantane vart klypte av, og så var gullgubben ferdig.

Det er funne 35 av desse hittil på Hov. Dette kan høyrest mykje ut, men det er langt frå det største funnet i Skandinavia. Tyngda av slike funn er frå det sydlige Sverige, Bornholm og sør-aust i Danmark. Flest er det funne på Bornholm på lokaliteten Sorte Muld, nærare 3100 stykke.[2] Det nest største funnet er Uppåkra med omkring 200 gullgubbar, og deretter Gudme med 100. Så gullgubbane på Hov er likevel av dei større funna.

Utbreiinga av gullgubbar i Skandinavia. Legg merke til samanfallet af gullgubbefunn med stadnamn på gamalnorsk hof.

Sorte Muld var truleg òg ein produksjonsstad for gullgubbar, sidan det er funne gullrestar frå framstilling der. Gullgubbane frå Sorte muld har omkring 400 forskjellige preg, som nokre av dei finst i over 100 eksemplar, og nokre er kjende frå ulike stader. Det ser ut til å vere tale om ein spesialisert produksjon som skulle brukast til heilt spesifikke formål. På fleire av stadane, blant anna Uppåkra og Gudme, fann ein gullgubbane nedlagde kring dei berande stolpane.

I Noreg er talet på gullgubbar ein har funne ikkje så høgt, samanlikna med Sverige og Danmark, men dei er funne over det meste av landet, og faktisk i samanfallande område der det er stadnamn danna med det gamalnorske ordet hof, sjå figur 3.

To religiøse uttrykk på ein stad

Det som gjer funna betydningsfulle, er at dei kan koplast med eit stadnamn som viser til kultisk aktivitet, nemleg Hov. Funna er daterte til merovingertida (ca. 550-800 e.vt.). Fordi utbreiinga i Noreg av gullgubbar generelt fell saman med distribusjonen av stadnamna på hof ’heilagdom’, er det ein del som talar for å sjå dei to fenomena i samanheng.

Dateringa av dei arkeologiske funna fell saman med dateringa av stadnamntypen hov, men er mykje meir snever enn dateringa av namnetypen. For stadnamnet Hov på Lillehammer er det rimeleg å anta at navnet er direkte knytt til opprettinga av gudehovet, altså til perioden rett før starten på vikingtida – og sidan vi har eit generelt geografisk samanfall av gullgubbefunn og stadnamn på hof, kan ein forsiktig rekne med at stadnamntypen har den same produktive perioden over heile Noreg.

I gardnamnet Hov og det arkeologiske funnet på staden har vi eit døme på den synergiske effekten som faga arkeologi og stadnamnforsking kan ha på kvarandre. Det er mange andre døme på dette, at dei to faga har nytte av kvarandre sin kompetanse. Gjennom arkeologi og stadnamnforsking er det mogeleg å kombinere immaterielle og materielle kulturminne på ein unik måte, som kan auke kunnskapen vår i begge disiplinane. Omtalane av funnet på Hov viser likevel klart at ein ikkje er van med å tenkje dei to disiplinane saman.

Det må vi få ei endring på!

Kjelder

Bergsstrøm, Ida Irene, 2023: 'Gullskatt funnet utenfor Lillehammer – Blir ikke stort mer spektakulært enn dette', på forskning.no. https://forskning.no/arkeologi/gullskatt-funnet-utenfor-lillehammer-blir-ikke-stort-mer-spektakulaert-enn-dette/2252591

Bornholms museum, 1921: Arkæologiske udgravninger i Sorte Muld. https://bornholmsmuseum.dk/da/bes%C3%B8g/bornholms-museum/museets-projekter/udgravninger-v-sorte-muld/

Halldórsson, Ólafur, 1967: Færeyinga saga. Reykjavík. https://heimskringla.no/wiki/Færeyinga_saga

Wikipedia Danmark, 2023: Guldgubbe. https://da.wikipedia.org/wiki/Guldgubbe

_______________

[1] På norrønt lyder setningen: Hafgrímur er bjó í Suðurey á þeim bæ er heitir að Hofi, hann var blótmaður mikill, því að þá voru heiðnar allar Færeyjar, jf. Færeyinga saga på heimskringla.no.

[2] Artikkelen på forskning.no nemner eit tal på 2 500 gullgubbar, som er ein faktisk feil. Talet var, før den seinaste utgravinga i 2021-22, ca. 2 300, og etter den seinaste utgravinga er det funne 800 fleire gullgubbar.

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Powered by Labrador CMS