SPESIALGLIMT

Kopi av ei side henta frå det medisinske tidsskriftet Eyr som vart utgjeve i 1820- og 1830-åra.

Brot med kjønnsnormer i arkivet

Då Karine gjorde Larine gravid i 1798 ante dei neppe at det i 2016 skulle bli lov å endre juridisk kjønn basert på eiga kjensle av kjønnsidentitet. Her vil eg tilby nokre smakebitar på brot med kjønnsnormer frå arkivverda, før trans-omgrepet vart etablert i 1910.

Publisert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

"at være en hermu frodit"

Det er lett å gløyme at brot med normer for kjønn har eksistert i lag tid. At det fanst kunnskap om og omgrep for, brot med dei to kategoriane mann og kvinne, viser til dømes saka om Kristen Gulbrandsen frå Gausdal. I historikaren Finn Erhard Johannessen si bygdebok frå Gausdal frå 1990, kan vi lese at av mange unge menn som var på sesjon i 1699, var det ein som "Beretter at være en hermu frodit" (Johannessen 1990, s. 86). Det skreiv presten i rapporten sin. Dette kunne fortolkast som ein måte å komme seg unna militærteneste i ei tid der krigen truga. Det kan også reflektere måten Kristen oppfatta seg sjølv og kjønnstilhøyrsla si. At ein ung person på slutten av 1600-talet nytta omgrepet om seg sjølv, seier noko om at det var kjent i samtida.

Omgrepet hermafroditt viste til fenomenet der dyr, men også menneske, hadde dobbelt sett med kjønnsorgan. Å vere hermafroditt kunne, i alle fall i teorien, gjere ein ueigna som soldatmateriale, og det kunne fungere som ein kuriositet i ei bygdebok 300 år seinare. Dokumenta etter sesjonen i bygdeboka gir oss eit glimt inn i eit kjeldemateriale tilgjengeleg for vidare utforsking ved eit anna høve enn her. For vi skal hoppe fram over 80 år til eit anna døme på brot med kjønnsnormer, som fekk følgjer i rettsvesenet.

Her ser vi korleis Østre Gausdal kyrkje såg ut ein gong mellom 1900 og 1918. Kyrkja vart bygd om lag 1250, og fanst då Kristen levde.

"At henhøre til begge Deele"

I 1781, gifta Jens Andersson og Anne Kristine Mortensdotter seg i Drammen. Etter ei tid gjekk Anne Kristine til presten og meldte om at ektefellen var ei kvinne. Statsarkivaren i Kongsberg, Nils Johan Stoa, har gått inn i kjeldene, og kan fortelje at Jens i avhøyr svara på spørsmålet om kjønn at “Hand troer at kunde henhøre til begge Deele”. Etter ein del detektivarbeid viste det seg at Jens vaks opp som Mari. Gjennom oppveksten søkte Mari mannsarbeid og mannsrolla. Då broren døydde, overtok Mari identiteten hans, flytta frå bygda, og levde i fleire år som Jens, visstnok ekstra godt likt av damene.

Jens hamna i fengsel som følgje av ekteskapet med Anne Kristine og bedraget dette innebar etter samfunnets normer og lover. Kort tid etter døyde Anne Kristine. Jens uttrykte stor sorg over dødsfallet hennar, rømte, og forsvann ut av arkiva og historiebøkene (Stoa 2010).

I kyrkjeboka står ekteskapet mellom Jens og Anne Kristine oppført. Ved sidan av kan vi lese kva presten seinare har lagt til: «NB: Dette Parr Jens Anderssen og Anne Mortensdatter blev befunden at være begge af Qvinde-Kiønnet»

Det finst fleire døme på personar definert som kvinner som tok mannsroller i Europa på 16- og 1700-talet. Det kunne gje auka fridom og høve til å utføre andre typar yrke, men nokre kan ha vore kvinner som elska kvinner, og nokre kan ha oppfatta kjønnsidentiteten sin som ein annan enn den dei vart tileigna som barn.

Karine og Larine

Brev sendt til Kongen i København ved Riksarkivet.

Medan Jens/Mari såg ut til å vere rekna som kvinne, og kjønnstilhøyrsla ikkje vart stilt spørsmål ved, av presten og øvrigheita, var det annleis med Karine i 1798. Ikkje minst etter at Larine vart gravid. Karine, som dotter på garden, og Larine som tenestejente, delte seng, noko som var vanleg praksis. Karine vart under tvil rekna som kjønnet kvinne ved fødselen midt på 1870-talet. Sidan gjekk Karine med kvinneklede og gjorde oppgåver som kvinner gjorde, trass protestar i barndommen, og insistering på å vere gut, ikkje jente. Ei medisinsk undersøking av kjønnsdelane støtta opp under Karine si eiga oppfatting av kjønn. Dermed kunne han søke om å endre namn og få dei rettane og pliktene som tilhøyrsle til hankjønnet førte med seg. Kongen i København godkjente endringane, og søknaden finst i dag ved Riksarkivet. Som Casper gifta han seg med Larine etter dette (Sandmo 1998).

"En mærkværdig Hypospadiæus"

Historia om Casper og Larine fann historikaren Erling Sandmo tilfeldigvis i arkivkjelder på Riksarkivet medan han leita etter noko anna. Slik kan det vere med skeiv historie. Nokon leitar i gamle papir. Dei finn ein kopi av ei side frå eit medisinsk tidsskrift frå 1828, og legg merke til innhaldet i artikkelen som startar nedst på sida, den med kryss over, og sender det til oss.

Eit bilde, med ein referanse, fekk vi ved Skeivt arkiv tilsendt ein måndag i august 2023. Under overskrifta «En mærkværdig Hypospadiæus», kunne vi lese følgjande:

Dette bildet fekk vi tilsendt frå ein observant museumsformidlar. Fotografiet viser ein kopi av ei side henta frå det medisinske tidsskriftet Eyr som vart utgjeve i 1820- og 1830-åra. Nedst på sida byrjar ein artikkel som er kryssa over.

Karen Jørgensdatter, født i Aaret 1790 og boende i Christiansand, blev ved fødselen erkjendt at være af Qvindekjøn, erholdt derfor i Daaben qvindeligt Navn, blev siden iført qvindelig Dragt og oplært i qvindelige Arbeider. Efter Forældrernes Død har dette Menneske....

Og der slutta sida. Tysdag hadde våre gode kollegaer ved Manuskript og librarsamlinga funne originalen i samlingane sine, i dei gamle utgåvene av det medisinske tidsskriftet Eyr frå 1828, og vi kunne lese resten av artikkelen om Karen Jørgensdatter, føydd 1790. Så kva gjorde eigentleg Karen etter at foreldra gjekk bort? Jo, hen søkte å bytte kjønn, og få mannleg namn og mannlege rettigheiter og plikter. Over dei neste to sidene skildrar artikkelforfattaren (som for øvrig er anonym) kroppen og eigenskapar ved Karen. Skildringa byrjar slik: «Karen Jørgensdatter har en høide af 63 ½ Tommer [160 cm], en middemaadig væxt og svage Sjeleevner», og avsluttar skildringa med at hen «hører altsaa til den Slags Afvigelser fra den normale Dannelse, som i Systemerne benævnes hypospadie, og bør derfor retteligen henføres til Mandkjønnet» (Ukjent 1828).

Karen sine kjønnsorgan skilde seg ut frå andre menn sine, ved at urinrøyret ikkje var ytst på penis, og ved storleiken og forma. Hypospadi som diagnose har også ved andre tilfelle ført til at personar med penis har fått tildelt kjønnet kvinne, og kan ha samanheng med hormonpåverknad under svangerskapet. I dag er tilstanden i nokre saker også knytt til intersexpersonar, altså der kjønnsorgana ikkje er tydeleg kvinnelege eller mannlege. Men Karen Jørgensdatter hadde altså kjønnsorgan som ved nærare ettersyn var tydeleg mannlege.

Jakta på kjeldene

Korleis det gjekk vidare med Karen vil vi grave meir i. Så langt ser det ut til at både Karen, Jens og Casper søkte i retning kjønnsidentitetar utanfor rammene samfunnet gav dei. Kanskje opplevde dei kjensler av manglande samsvar mellom kjønnsrolle og opplevd kjønn, og kanskje opplevde dei ubehag ved å ha ein kropp som ikkje samsvarer med kjønnsidentiteten, kjensler som i dag har fått omgrepet kjønnsdysfori.

Kristen kunne kanskje ha kjent seg heime som intersexperson om hen vart fødd no. Kanskje ei moderne jordmor ville ha kalla Casper også interkjønn, og venta med registrering av kjønn. Og Karen hadde forhåpentlegvis fått hjelp med sine utfordringar tidleg. Kanskje Jens ville ha levd livet som lesbisk kvinne i mannsyrke om hen vart fødd i dag, eller byrja med kjønnsbekreftande behandling. Å setje moderne merkelappar som intersex, kjønnsdysfori, og lesbisk (eller trans) på historiske personar og kjensler, er ei vanskeleg og ikkje minst problematisk øving.

Kombinasjonen av digitaliserte aviser og arkivmateriale av ymse slag kan bidra til å seie noko bredt om oppfatningar og endringar av forståingar av kjønn og seksualitet. Historikar Marthe Glad Munch-Møller ved Nasjonalbiblioteket har funne at norske aviser skildra om lag 10 ulike episodar av brot med kjønnsnormer i året, i tiåra før og etter 1900. Dette fortalde ho om under Skeivt arkiv sitt arrangement «Trans i arkivet» under Arendalsveka i august i år. Det gjaldt hovudsakleg personar som vaks opp som eitt kjønn og som byrja å te seg som det andre kjønnet, til dømes etter å ha flytta til ein ny stad. Dei fleste sakene var frå utanlandske aviser, men om lag kvart andre år gjaldt saka eit tilfelle frå Noreg. Som med Karen, Casper og Jens hundre år før, var dette personar som kom i søkelyset til medisinen og jussen. Dei som klarte seg, som ikkje kom i søkelyset, finst det få spor etter i arkiva.

Men dei spora som finst, er vi veldig interesserte i. Om det er aviser, artiklar i gamle medisinske tidsskrift, notat i kyrkjebøker, gamle tidsskrift, utdrag frå bygdebøker, brev eller rettsdokument. Så får vi hugse på at det kanskje finst andre Jens-ar, Karen-ar og Casper-ar der ut som ikkje sendte brev til kongen om endring av namn.

Og Kristen i 1699? Han slapp å gå i krigen. Ikkje fordi han var «hermu frodit», men fordi det ikkje vart krig likevel. I alle fall ikkje då.

_____________________________

Relevante Skeivopediaartiklar:

https://skeivtarkiv.no/skeivopedia/en-merkelig-natur-begivenhet-fra-1798

https://skeivtarkiv.no/skeivopedia/et-besynderligt-givtermaal-mellem-tvende-fruentimmer

https://skeivtarkiv.no/skeivopedia/kristen-gulbrandsen

Kjeldeliste

Johannessen, Finn Erhard. 1990. Gausdal bygdehistorie. Bind 3. Folkevekst og levekår 1530-1830. Gausdal: Gausdal kommune.

Sandmo, Erling. 1998. "Et kjønnsskifte i Drøbal - om kropp, intimitet og en datter som ble far." I Mordernes forventninger. Kriminalitetshistoriske essay, Red av Erling Sandmo, 62-101. Oslo: Universitetsforlaget.

Stoa, Nils Johan. 2010. Kjødets lyst. Fortellinger om synd og straff. Oslo: Cappelen Damm.

Ukjent. 1828. "En mærkværdig hypospadiæus." Eyr:287-290.

Powered by Labrador CMS