SPESIALGLIMT
Skulebarnsoppskriftene (1927 – 1950) – gullskatt frå Språksamlingane
Språksamlingane sit på ei gullgruve av kulturelle skattar som skildrar vanlege folk sin kvardag i gamle dagar. Skulebarnsoppskriftene er nettopp ei slik kjelde.
Namneskatten er heile tida i endring:
namn døyr og vert fødde.
Til ei kvar tid er det namn å ta vare på.
(G. Akselberg)
På byrjinga av 1900-talet var det store demografiske forandringar som følgje av framveksten av ein ny industriprega arbeidsmarknad. Folk flytta frå bygdene dei kom ifrå og inn til byane, eller så langt som til Amerika. Gardar og plasser vart nedlagde, og gardsgrenser flytta på. Infrastrukturen forandra seg slik at gamle vegmerke, tradisjonelle vegskilje og krøtterstiar blei borte eller låg ubrukte. Vegane blei breiare og finare, og det kom jernbane. Desse gjekk gjennom fjell og over vidder og jorder, inn i landskap som tidlegare berre var til for dyr og menneska som budde der. Samstundes med dei fysiske forandringane, skjedde det eit skifte i korleis folk såg på naturen og brukte kulturlandskapet. Stadnamnforskarane såg at det var oppstått eit behov for å ta vare på dei gamle stadnamna frå innmark og utmark, før kunnskapen om dei blei gløymd.
Innsamlarare og innsamlingsmetode
På midten av 1800-tallet blei skulen brukt for å samle inn folkeminne. Metoden blei først tatt i bruk av Johan Storaker (1837–1872), skulestyrar ved Søgne seminar. Han nytta kvalitative spørjelister som gjorde at han kunne gå breitt ut, og få samla inn eit stort materiale. Gustav Indrebø valde også same metode, men vidareutvikla skjemaa slik at skulebarna fekk ein systematisk oversikt over typar stadnamn som dei vart bedne om å registrere. Dette var ei form for djupinnsamling, der målet var ei systematisk innsamling av alle stadnamn innan eit avgrensa område. Skjemaet Indrebø utvikla nemnde typiske kultur- og naturnamn som namn på åkrar og engstykke, skogsteigar, myrer, haugar, bekkar, vegar og stiar, berg og daler og ulike stader i fjellet eller langs vatn og sjø. Skulebarna kunne også skrive ned segn eller tradisjonar knytt til stadene og namna. Barna blei vidare oppmoda til å få hjelp av dei eldre generasjonane på garden med innsamlingsarbeidet.
Kvifor spurde så ikkje forskarane dei som oftast var kjelda til kunnskapen, dei vaksne, direkte om stadnamna? Fordelen med å bruke skulebarn var at skulen hadde ein infrastruktur som gjorde det mogleg å nå ut til mange, og ikkje nødvendigvis at barna satt inne med stor kjennskap til emnet. Det var også slik at innsamling som skulearbeid førte til at responsen blei god, fordi barna ikkje hadde noko val.
Forskarane ønskte å dokumentere noko meir enn berre sjølve stadnamnet, dei var også interesserte i uttalen. Som eit pedagogisk og metodisk grep blei difor skjemaa formulert nær opp mot dialekta til barna på kvar stad. Tanken var at det slik vart enklare og meir naturleg for barna å skrive dialektnært. Resultatet av dette grepet var at ikkje berre vart sjølve stadnamnet skrive dialektnært, men også segner og all annan informasjon. Forskarane sit difor også igjen med ein annan type språkdokumentarisk materiale i form av dialektprøver.
Skulebarnsoppskriftene og forsking i dag
Innsamlinga av skolebarnsoppskrifter resulterte i ei samling med over éin million stadnamn, fordelt på 10154matrikkelgardar frå 13 fylke (unntatt Østfold, Oslo/Akershus, Hedmark og Finnmark), basert på mellom 35–40 000 informantar som igjen kom frå 21 000 forskjellige gardsbruk. Her er også småbruk som låg inn under gardsbruk inkludert.
I dag er skulebarnsoppskriftene ei verdifull kjelde i forsking på mikro-toponymi og lokal namnebruk. Kultur- og naturnamna gir forskarane tilgang til ei mengde namn frå heile landet og gjer det mogleg å granske både namnetypar, namnedanning og historiske trekk i dialektuttalen.
Skulebarnsoppskriftene er meir enn ei historisk og demografisk kunnskapskjelde til gløymde kultur- og naturnamn, namnetolking og uttale. Dokumenta gjev oss også ei forståing av datidas forskingsmetodar og innsamlingmetodikk, og om kor nært samanknytte desse aspekta var.
Skulebarnsoppskriftene – ei unik stadnamnkjelde
Skulebarnsoppskriftene er den største innsamlinga som er gjennomført innan norsk stadnamnforsking, og inneheld oppteikningar av namn på alt frå små element i landskapet til større jordbruks- og utmarksområde. Mange av namna eksisterer heller ikkje på offentlege kart eller i offisielle register, og er difor verdifulle og viktige å ta vare på. Dessutan er stadnamna eit tidsbilde frå eit tidlegare agrarisk landskap som nesten ikkje eksisterer lenger. Enten stadnamna er i bruk eller ikkje i dag, så blir dei som ein komprimert tekst, som kan dekodast og forklarast. Dei er fungerer som små kulturelle knaggar som ber med seg si – og dimed vår - opphavelege historie, med spor av dialektar, av stadar og av korleis stadane og landskapa har vore forstått og nytta.
Kan eg få sjå materialet etter skulebarnsoppskriftene?
Ja, det kan du!
Skulebarnsoppskriftene er digitalisert og tilgjengeleg i Stadnamnportalen:
https://stadnamn.no/iiif/dbf99896-d0a7-372e-805f-7053d4e00b1c
Bibliografi
Akselberg, Gunnstein: Leiar – Innsamling av stadnamn, Norsk namnelag 1997 nr. 26
Bugge, Edith: https://www.youtube.com/watch?v=RQwYCz3wGaA&t=2s, 2018
Helleland, Bottolv: Skulebarnsoppskriftene til hjelp i ny innsamling av stadnamn s. 18-22, Norsk stadnamnarkiv, Årsmelding 1978, UiO
Indrebø, Gustav: Stadnamn og Stadnamninnsamling, 1935