SPESIALGLIMT

Logo for Bylovsjubileet utvikla av Haltenbanken på grunnlag av ein illuminasjon i Codex Reenhielmianus, eit manuskript som inneheld både Bylova for Bergen og Landslova.

Magnus Lagabøtes bylov av 1276

I 2026 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes bylov av 1276. Den vart tatt som lov for Bergen i januar 1276, på messedagen for St. Vincent.

Publisert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Bylova var del av kong Magnus VI Håkonsson Lagabøter sine lovreformer, og står i ein samanheng med Magnus Lagabøtes landslov frå 1274, som vart lagt fram på dei norske lagtinga berre to år før. Bylova inneheld mykje av det same rettslege innhaldet som Landslova.

Det var vanleg i Noreg og Europa at byane hadde eigne lover. Dei var tilpassa dei særskilde tilhøva som følgde av livet i byane, der folk budde tettare og det var stor handelsaktivitet, med tilreisande frå både inn- og utland. Derfor har Bylova særskilde reglar om til dømes brann, fast eigedom og handel som skil seg frå Landslova.

Ei trykkplate, eller klisjé, er eit trykkformelement for grafisk reproduksjon av bilete. Språksamlingane har til saman 234 trykkplater som viser enten einskilde manuskript, diplom, kart eller planar. 77 av disse platene viser Oslos bylov frå to mellomaldermanuskript oppbevarte i København. Bilete frå AM 309, foglio 72r. For meir info, sjå: https://www.uib.no/ub/171887/trykkplater-digitaliseringsprosjekt

På same måte som Landslova var ei lov for kvart lagting, var Bylova ei lov for kvar by: Bjørgvin (Bergen) hadde si lov, Niðaros (Trondheim) si lov, Tunsberg si lov og Oslo si lov. Dei individuelle bylovene vart tilpassa lokale høve, særleg der geografiske høve er skildra i stor detalj. Dei fleste handskriftene som har overlevd til i dag er av Bergen si bylov. Det eksisterer også ein versjon utan konkrete geografiske skildringar, som gir inntrykk av å vere ei generell bylov.

Til dei fleste overleverte handskriftene av Bylova høyrer det også med ei Farmannslov, med reglar om handelsreisande til sjøs. Dei to lovene har gjennom historia vore nært knytt saman, men vert rekna som to separate lover.

Det er vanleg å hevde at Bylova først vart utforma for Bergen, og så tilpassa for dei andre byane i Noreg. Bergen var på den tida den største byen i Noreg og i Skandinavia. Frå tida før Bylova er det overlevert berre éi eldre bylov: Bjarkøyretten for Niðaros. Det gjer det vanskeleg å studere bylovenes utvikling, og mellom anna kva rolle eldre byvedtekter for Bergen kan ha spelt i Bylovas historie. Forsking på Landslova viser at eldre rett frå fleire delar av landet var eit viktig utgangspunkt, og på same vis kan det ha vore for Bylova.

Scholeusstikket er eit prospekt over Bergen som viser byen i slutten av mellomalderen. Stikket vart gitt ut i 1588 i fjerde bind av «Civitates» som med sine 546 prospekter understøtter verdas første atlas, «Theatrum Orbis Terrarum» gitt ut av Abraham Ortelius i 1570. For meir informasjon, sjå: https://marcus.uib.no/instance/map/ubb-librar-f-0017.html

Bylova gir eit innblikk i livet i norske mellomalderbyar, og Bergen er lett å kjenne att i Bylova for Bjørgvin. Lova drøftar i stor detalj bysentrum i mellomalderen, med mellom anna handelsmenn på Bryggen, vakthald langs Øvregaten og handverkarar på allmenningane. Bergens omland, med vete på Lyderhorn og elvane rundt Bergen som geografiske kjenneteikn, trer også fram av lovteksten.

Menn og kvinners handverk og handel er skildra i detalj, med skjoldmakarar ved Mariakirkegården og mathandlarar på Nikolaikirkeallmenningen; med badstover, bakaromnar og smier; skomakarar, mjødkoner og vevarar, med meir. Dei norske byane er travle hamnebyar, og Bylova skildrar stor aktivitet med lasting og lossing av skip, medan fersk fisk vert seld rett frå båtane.

Dei siste åra har dei norske mellomalderlovene igjen vore gjenstand for stor offentleg merksemd og høg forskingsaktivitet. I ljos av Landslova sitt store nasjonale jubileum i 2024, opnar Bylova sitt jubileum i 2026 for å reflektere over denne historiske lovteksten i ulike faglege kontekstar.

Universitetet i Bergen med Universitetsbiblioteket i spissen vil markere Bylovsjubileet med ei digital utstilling som skal lanserast i Middelalderuken, 20.-27. september 2026.

Arbeidsgruppa for digitalutstillingsprosjektet. Frå venstre: Alexandros Tsakos, Peder Gammeltoft, Helen Leslie Jacobsen, Brage Thunestvedt Hatløy, Stefan Drechsler, Arne Solli, Robert Kristof Paulsen, Alf Tore Hommedal og Bjørn Arvid Bagge.
Powered by Labrador CMS