SPESIALGLIMT

Tedrikkarar på Bergens Museum i 1921. Frå venstre James Grieg, Henrich Bucher jr., og Anton Mohr Wiesener. Ukjend fotograf.

Om tedrikking og teikningar

Eit prosaisk motiv med eit visst historisk sus, «The-pause paa Griegs kontor april 1921». Den ukjende fotografen har fanga tre menn i ein pause frå arbeidet på Bergens Museum, plasserte bak skrivebordet på kontoret til konservator James Alexanderssøn Grieg (1861-1936), mannen til venstre på biletet. I midten sit Henrich Bucher jr. (1854-1932), og til høgre, yngste mann i laget. Anton Mohr Wiesener (1879-1947).

Publisert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Tre menn som på ymse vis er knytte til samlingane våre her ved Manuskript- og librarsamlinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Anton Mohr Wiesener var sjølvaste gudfaren for manuskriptkatalogen vår. Han var bibliotekar ved Bergens Museums bibliotek frå 1914 til 1946, men fekk allereie i 1910 oppgåva med å laga katalog over den aukande manuskriptsamlinga ved biblioteket. Ein av forgjengarane til Wiesener, bibliotekaren Peter Hysing (1804-1892), fekk trykt den første spede manuskriptkatalogen i 1883, med 214 Ms-nummer. Wiesener rydda opp i det noko uklare systemet til Hysing, og publiserte i Bergens Museums Årbok i 1913 ein meir systematisk og oppdatert katalog med 524 Ms-nummer. Hundre år seinare er katalogen til Wiesener utvida til å omfatta 2230 manuskriptnummer.

Blåkval, måla av Henrich Bucher jr. Originalen er ca. 1 meter lang.

Verten for tedrikkinga, James Grieg, har tidlegare blitt heidra her i På Høyden. Grieg var konservator på museet i 46 år, han arbeidde saman med Fridtjof Nansen i 1880-åra, hadde ansvar både for samlingane av virveldyr og dei virvellause dyra, og publiserte ein overveldande mengde av vitskaplege artiklar og populærvitskaplege foredrag. Han er i tillegg uoffisiell og til tider høgst oppegåande skytshelgen for Manuskript- og librarsamlinga.

Mannen i midten, mest i fokus og med eit intenst blikk retta mot fotografen, er den mest ukjende av dei tre karane. Henrich Bucher jr. arbeidde som meir eller mindre fast tilsett illustratør ved Bergens Museum i nærmare 40 år, og var i tillegg teiknelærar ved fleire skular i Bergen. Far til Henrich, Henrich Peter Bucher, etablerte ein litografisk verkstad i Bergen i 1845, og fekk eit nært samarbeid med Bergens Museum. M.a. trykka han det banebrytande lepra-plansjeverket til seinare museumsdirektør D.C. Danielssen, C.W. Boeck, og målaren og litografen Johan Ludvig Losting i 1847.

«Blokførende lag fra kultiden. Indien», teikna av Henrich Bucher jr. i 1905, for dei Geologiske samlingane ved Bergens Museum.
Originalteikningar av slangestjerner, laga for James Grieg til kapittel om Ophiuroidea i bind 5 av Den Norske Nordhavs-Expedition, publisert 1893.Teikna av Henrich Bucher jr.

Henrich jr. arbeidde som litograf hos faren i fleire år, før han blei hyra inn som teiknar og illustratør på museet ved fleire høve allereie i 1880-åra. I samlingane våre er det mengder av illustrasjonar og spor etter Bucher, og han tok alle utfordringar på strak arm og med stø hand, både innanfor arkeologi, geologi og zoologi. Han laga alt frå ørsmå detaljrike teikningar av mikroskopiske marine dyr til svære geologiske veggplansjar og kval-illustrasjonar, alt på særs høgt kunstnarisk nivå. Bucher illustrerte gjennom fleire tiår artiklane til James Grieg, både om kvalar og meir obskure marine dyr. Grieg publiserte i 1893 eit kapittel i bind 5 av dei vitskaplege rapportane frå den norske Nordhavsekspedisjonen 1876-1878, om slangestjerner (Ophiuroidea). Bucher bidrog med tre praktfulle heilsides plansjar, fleire av originalteikningane er i samlingane våre. Detaljnivået på dei små originalteikningane er imponerande, små utsnitt av slangestjerner skapt med finslipt blyant, før originalane blei litograferte til like så imponerande plansjar.

Bucher, som blei omtalt som «en hædersmand av den gamle skole» i jubileumsboka til museet i 1925, pensjonerte seg tre år etter tedrikkinga på kontoret til Grieg. Han forsvann dermed (og dessverre) også ut av historia til institusjonen, ein delvis gløymd skikkelse i museumshistoria, som no når det nærmar seg eit 200-års jubileum fortener å bli løfta fram frå arkiva våre.

Powered by Labrador CMS