#folkpåUiB

Astrid Nybø

Stipendiat i havvindenergi, Geofysisk institutt

"Eg blir motivert av å vite at eg held på med utfordringar som er relevante for havvindindustrien. Så er det kjekt å vere ein del av den spennande tida vi er inne i no kor havvindenergi går frå forskingsstadiet til å bli realisert i større skala. Å jobbe med fornybare energikjelder er interessant, då desse er ein viktig del av løysinga på klimakrisa vi er inne i. Havvindenergi har vore ei satsing kor vi no begynner å få eit godt forskingsmiljø på UiB. I tida med heimekontor saknar eg den uformelle faglege praten med kollegaer og kjensla av å høyre til det miljøet. Men då er det ekstra viktig å halde kontakten med kollegaer digitalt."

FAKTA

I denne serien løfter vi frem en UiB-ansatt eller student som deler sine små og store historier. Følg gjerne vår Instagram-konto unibergen for flere UiB-historier.

Powered by Labrador CMS