SPESIALGLIMT

Forsker Øystein Frøysadal fordjupa i namnegransking.

Vassdraga i Hardanger – ei unik namnesamling

I 1950-åra reiste ein ung namnegranskar rundt i Hardanger og dokumenterte namn på innsjøar, elvar og fossar. Han visste at tida var knapp – snart skulle vassdraga regulerast og namna forsvinne. No, 70 år seinare, kommer hans unike samling bli digitalisert og tilgjengeleg for alle på stadnamn.no.

Publisert

Om Øystein Frøysadal

Øystein Frøysadal vart fødd i 1918 og voks opp i Sunndalen på Nordmøre. Etter hovudfag i stadnamn ved Universitetet i Oslo i 1947 var han lektor ved Sunnfjord gymnas og Tanks skole i Bergen. I 1960 vart han tilsett som amanuensis ved Institutt for nordisk filologi ved Universitetet i Bergen, med «særleg skyldnad til å arbeida med norske stadnamn». Seinare vart han fyrsteamanuensis i 1968. Diverre døydde han al for tidleg, berre 51 år gammal på sluttet av 1969.

Før fossane vart lagde i rør

På 1950-talet trong hardingane sjølve å produsere den krafta dei trong, og tørrår kunne vere kritiske med rasjoneringar og utkoplingar delar av døgnet. Men store endringar var på veg. Det var tre store kraftutbyggingar i regionen i 1960- og 70-åra: Røldal-Suldal, Tysso II og Sima. I 1957 opna Mågeli, i 1967 Tysso 2 og i 1980 Oksla kraftverk.

Det var nettopp i denne overgangstida – mellom 1950 og 1954 – at Øystein Frøysadal gjennomførte sitt omfattande feltarbeid i Hardanger. Han visste at fossane og elvane snart skulle regulerast, demmes ned og leggjast i rør. Mange av dei namna han dokumenterte ville forsvinne når vatnet endra løp og fossane stilna. Frøysadals arbeid i Hardanger vart finansiert av L. Meltzers Høyskolefond og Norges almenvitenskapelige forskningsråd (NAVF). Frå 10. juli 1950 til 31. juli 1954 arbeidde han som vitskapleg assistent ved Folkeminnesamlingi i Bergen. Desse fire åra brukte han til systematisk feltarbeid – han reiste rundt i Hardanger, snakka med lokalbefolkninga, dokumenterte uttalen av vassdrags-namn og samla opplysningar om kva namna tydde.

Øystein Frøysadal på feltarbeid.

Ein utretteleg innsamlar

Det som gjer Frøysadals samling så verdifull er at han fokuserte systematisk på vassdrags-namn – ikkje busetnadsnamn eller smånamn, men elvar, fossar, bekkar, vatn og tjern. Dette var eit heilt nytt grep i norsk namnegransking. Medan dei fleste stadnamnsamlingar anten gjerne konsentrerer seg om gardsnamn eller om namn på åkrar og utmark i kulturlandskapet, dokumenterte Frøysadal vassdraga som eigen kategori.

Resultatet er 8500 setlar med stadnamnoppskrifter, organisert i setelsamlingar som «Namn på rennande vatn i Hardanger» og «Namn på stilleståande vatn i Hardanger». Materialet er ordna etter kommune, med systematiske oppskrifter for kvar einskild kommune i regionen. I tillegg inneheld samlinga 144 kart med namnenummer knytte til oppskriftene.

Ei samling mot tida

Det vitskaplege verdien av samlinga ligg i fleire forhold. For det fyrste gir han oss eit komplett bilete av vassdrags-nomenklatur i eitt geografisk avgrensa område før den store kraftutbygginga. Me kan studere systematikken i namngjevinga: Kva slags namn får store elvar kontra små bekkar? Korleis namngjev folk fossar og stryk før dei vert regulerte?

For det andre dokumenterer samlinga eit namnemateriale som er særleg utsett for å forsvinne. Etter hundre år med kraftutbygging har to tredeler av dei store norske vassdragene blitt regulert. Sju av dei ti høgaste fossane er bygd ut. Når elvar vert regulerte og fossar vert demde ned, forsvinn namna ut av bruk. Frøysadals samling frå 1950-åra dokumenterer vassdraga slik dei var før dei store utbyggingane.

For det tredje gir vassdrags-namn oss innsikt i andre sider av samfunnet enn det som knytt seg til der vi bor, og i staden til fjelldomena. Dei fortel om ferdsel og kommunikasjon over fjellet, om ressursutnytting som fiske og tømmerfløyting, om naturopplevingar og faremomentet i naturen.

Frå arkivboks til nett

Sedelsamlinga til Øystein Frøysadal
Sedelsamlinga til Øystein Frøysadal

No er samlinga i på vei å bli digitalisert. Språksamlingane går på nyåret i gang med å skanne dei 8500 setlane og andre delar av Frøysadals omfattande samlinger. Stadnamnmaterialet vil etterhvert bli tilgjengeleg på Stadnamn.no. Dette betyr at forskarar, lokalhistorikarar og alle interesserte vil kunne søkje i samlinga og finne fram til namn på elvar og fossar i Hardanger slik dei vart dokumenterte på 1950-talet – før utbyggingane. Digitaliseringa gjer at Frøysadals omfattande feltarbeid endeleg vert fullt tilgjengeleg for ålmenta, og at namna på dei regulerte vassdraga vert bevarte for ettertida.

Eit føregangsprosjekt

Frøysadals eiga publisering frå materialet, «Nokre elve- og fossenamn i Hardanger» (1954), syner korleis grundig etymologisk drøfting av vassdrags-namn kan gi oss ny forståing av både språkhistorie og kulturhistorie. Men samlinga som heilskap er endå meir verdifull – han står ved Stadnamnarkivet ved Universitetet i Bergen som eit føredøme på kva systematisk, tematisk innsamling av stadnamn kan gi av vitskaplege resultat.

Me manglar tilsvarande materiale frå dei fleste andre stader i landet. I ei tid der heile 307 dyre- og planteartar i norske elver og innsjøar er på rødlista, og der diskusjonen om kraftutbygging i verna vassdrag held fram, får Frøysadals samling ny aktualitet. Han minner oss om at vassdraga har ein kulturhistorie verdt å dokumentere – før dei vert lagde i rør.

Litteratur

Frøysadal, Øystein 1954: «Nokre elve- og fossenamn i Hardanger.», i Universitetet i Bergen. Årbok 1953. Historisk-antikvarisk rekke. Nr. 3. Bergen. 19 s.

Halveg, Jarle 2012. «Samling etter Øystein Frøysadal» i Nytt om namn 55. Oslo, s. 38-39.

Ness, Oddvar 1996. «Øystein Frøysadal», i Fagprofilar ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen 1946-1996. Red. Jarle Bondevik, Willy Dahl og Sigurd Aa. Aarnes. Bergen, s. 61-65.

__________________

Takk til Sissel Frøysadal for bruk av bileter av Øystein Frøysadal.

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Powered by Labrador CMS