#folkpåUiB

Lars Korff Lofthus

Fyrsteamanuensis i maleri og teikning ved Kunstakademiet

"I blant hender det at eg ikkje er sikker på om eg jobbar med eigne ting eller underviser. Det er dei finaste augneblinkane. På Kunstakademiet lærer eg heile tida noko som eg kan bruke i min eigen praksis som kunstnar. Samtidig kan eg dele mykje av det eg sjølv erfarer i mitt arbeid med studentane. Akkurat denne utvekslinga med studentane er heilt unik og verdifull.

Å kombinere arbeidet som kunstnar med ein 50 prosent jobb som fyrsteamanuensis er likevel ikkje heilt utan utfordringar. Det mest krevjande er skiftet mellom eit hektisk liv på Kunstakademiet og halde fokus i atelieret. Eg deler det derfor opp i lengre periodar: Når eg er i atelieret i Hardanger må eg nullstille meg, vere åleine, finne fokus og tenke lange tankar. Så er eg plutseleg attende på Kunstakademiet med studentar, forelesingar, forsking, og til vanleg mykje sosialt. Nettopp denne vekslinga gjer at det fungerer bra for meg."

FAKTA

I denne serien løfter vi frem en UiB-ansatt eller student som deler sine små og store historier. Følg gjerne vår Instagram-konto unibergen for flere UiB-historier.

Powered by Labrador CMS