#folkpåUiB
Erica Svendsen
Sivilingeniørstudent i havteknologi
"Eg vaks opp med mor og far i olje- og shippingindustrien i Stavanger, men valte sjølv å gå i ei anna retning. Olja forsvinn jo - no er det havet som gjelder. Eg har alltid vore interessert i realfag som matte og fysikk, og då var det midt i blinken å studere for å bli sivilingeniør i havteknologi. Hav handlar om så mykje meir enn fisk og oljeriggar, du har jo alt frå vindmøller i havet, teknikk rundt undervannskameraer, miljøovervåkning og kartlegging av havbunnen. Eg vart nesten sjokkert over kor mange jobbmogelegheiter ein har. No gler eg meg til å bidra med å gjere framtida vår meir bærekraftig."