KORTNYTT

Søk støtte fra UiB Idé innan 14. februar

Publisert

Er du forskar, og vil at forskingsresultata dine skal vere til nytte for folk? Eller er du student og har ein idé om eit nytt produkt eller teneste som kan hjelpe gjere folks liv betre? UiB Idé kan hjelpe deg og din idé med råd og finansiering, slik at du kan nå målet.

Les meir på UiB Idé sine nettsider: Har du ein god idé? 

UiB idé gir tilsette og studentar moglegheit for å verifisere gode innovasjonsidear, som må utviklast og testast før dei blir utvikla vidare. Maksimalt støttebeløp er 500 000 kroner for forskarprosjekt, og 100 000 kroner for studentprosjekt.

At ideen må vere innovativ tyder at han må vere knytt til samfunnsnytte og vere ny, samt at det må vere behov for han blant visse brukarar eller samfunnet ellers. Gode idear finst i alle fagmiljø, og kan vere sosiale innovasjonar, innovasjon i offentleg sektor, prosessinnovasjonar, kommersialiseringsprosjekt eller andre typar innovasjon.

Last ned mal for prosjektbeskrivelse og fyll det ut, før du sender det inn ved å trykke på lenka under:

Klikk her for å fylle ut søknadskjema og sende inn din søknad

Studentar som søker UiB Idé kan også søke om plass i det nye akseleratorprogrammet til VIS - TILT Studio8. Fristen for å søke om plass er 12. februar. Finn mer informasjon her.

Powered by Labrador CMS