KORTNYTT

FORSTERK-midlar til Horisont 2020-prosjekt

Noregs forskningsråd har delt ut forsterkingsmidlar til norske deltakarar i Horisont-2020 prosjekt.

Ved Universitetet i Bergen er det to prosjekt som er løyvd omlag 1 million kroner kvar:

Protect – The Right to International Protection ved institutt for samanliknande politikk fekk midlar til å formidle og kommunisere forskinga si ut mot målgrupper som jobbar innan asyl-, flyktning- og migrasjonsfeltet i Noreg.

Arqus-alliansen er løyvd midlar til å formidle resultat og beste praksis frå eit Horisont 2020-prosjekt om styrking av synergiar mellom forsking og utdanning, og til å engasjere norske interessentar i agendasetting for forsking.

Powered by Labrador CMS