KORTNYTT

Podkast om teknologien som tek over

I denne nye episoden av podkasten «Akademisk lunsj» fortel Lars Nyre, professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap ved UiB, om teknologien som tek over.

Maktskiftet frå menneske til teknologi har foregått i hundrevis av år, og kunstig intelligens har ført til ytterlegare vekst i dei oppgåvene og funksjonane som vert tekne over av teknologi. Utviklinga er global, og det er vanskeleg for oss her i Noreg å stanse eller snu utviklinga. Vi må akseptere automatiserte bybanevogner og automatisering i arbeidslivet, og tilpasse teknologien til våre livsvilkår. Kva skulle vore alternativet?

«Akademisk lunsj» er eit samarbeid mellom Universitetsbiblioteket, Bergen Offentlige Bibliotek, HVL og NHH.

Powered by Labrador CMS