YTRING

Universitetsstyrevalet
Universitetsstyrevalet er i gang, og det er mange gode kandidatar å velge mellom. Det er likevel viktig kven de stemmer inn.
! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.
Eg vil sette søkelyset på nokre saker som eg meiner er viktige, og gje litt informasjon om korleis du som velgjar kan stemme for å få mest mogleg ut av stemmeretten din.
Viktige saker:
- Valt eller tilsett rektor: Det er lenge sidan universitetsstyret sist realitetsbehandla spørsmålet om valt eller tilsett rektor, og spørsmålet kjem til å komme opp også i den neste styreperioden. Eit fleirtal i sittande styre, med rektor i spissen, såg ikkje behov for å ta opp spørsmålet om å endre leingsmodell i denne perioden. Eg meiner det er viktig å stemme inn kandidatar som vil argumentere og stemme for fortsatt valt rektor også ved neste korsvei. Personleg er eg ein varm tilhengjar av valde leiarar også på lågare nivå (dekan og instituttleiar). I dag er det styret for det enkelte fakultet som bestemmer dette – eg kunne tenkt meg at det var dei ansatte og studentane som fekk bestemme dette.
- Finansieringsmodell for UH-sektoren: I denne styreperioden har regjeringa lagt om finansieringsmodellen for UH-sektoren, og UiB-styret har tatt konsekvensen av ny modell ved først å sette ned eit tungt og breitt samansett utvalg til å greie ut kva konsekvensar omlegginga betyr for UiB, for deretter å vedta ein ny inntektsfordelingsmodell for UiB basert på utvalgets anbefalingar. Ei viktig endring har vore at store midlar som tidlegare har vore tildelt UiB og vidareført fakulteta basert på forskningsindikatorar no er lagt inn i ramma til UiB, som har valgt å legge mesteparten av midlane inn i ramma til fakulteta. Fakulteta kan velge å bruke desse pengane på å belønne forskningsprestasjonar, eller dei kan prioritere andre ting. Eg støttar denne omlegginga, og lover å kjempe mot at UiB sentralt skal ta tilbake pengane frå fakulteta for å bestemme over hovudet på fakulteta korleis pengane skal brukast.
- Desentralisering av makt og faglege beslutningar: Eg jobbar for desentralisering av makt og faglege beslutningar. Eit eksempel er saka om reduserte minstekrav for å bli tatt opp til mastergrad, der eg fekk styret med meg på at når UiB reduserer det generelle minstekravet til gjennomsnittskrav frå 3,0 (f.eks. C på alle tellande emne) til 2,5 (f.eks. halvparten C og halvparten D), så skal fakulteta i samråd med fagmiljøa kunne sette strengare grenser viss dei ser behov for det. Eg kjempa også mot UiBs «Rettighetsordning for åpen tilgjengeliggjøring» då eg meiner at den svekkar forskarane sin rett til å bestemme over sine publikasjonar. Den saka fekk eg ikkje styret med meg på.
Erfaring og kompetanse: Eg ser at fleire av mine styrekonkurrentar har saker som dei vil jobbe med i styret. Mi erfaring med å sitte i styret i snart fire år er at nesten heile tida går med til å jobbe med dei sakene vi blir presentert for, ikkje det enkeltmedlemmer i styret kunne ha tenkt seg at styret heller hadde jobba med. Då blir det viktig at styremedlemmer kan handtere det vi veit kjem til å komme. I tillegg til at eg har økonomibakgrunn har eg brukt mykje tid på å forstå universitetsøkonomien, som blir lagt fram i form av regnskap, økonomirapportar og budsjett. Sjølv om eg er økonom framstår dette også for meg som dei mest kompliserte sakene å forstå. Eg ser det som viktig at iallefall nokon i styret har djupare forståing av dette saksfeltet, og det har ikkje blitt mindre viktig dei siste åra.
Valordninga: Eg vil avslutte med eit råd som handlar om valordninga. UiB og UiO bruker ein spesiell variant av preferanseval (for spesielt interesserte er det eit Hare-Clark «single transferable vote»-system først tilpassa for UiO av nyleg avlidne professor Aanund Hylland). For å gjere ei lang historie kort, så både kan og bør du føre opp så mange av kandidatane som du har meiningar om. Din føretrekte kandidat bør du sette øverst på lista, din nest mest føretrekte på neste plass osv. Poenget med vår valordning er at du ikkje skader sjansane til dei som står oppe på lista av å føre på fleire namn lenger nede – i motsetning til f.eks. med preferansevalgordninga som NTNU bruker – og du kan få meir ut av stemma di når enten din føretrekte kandidat vinn med så stor margin at det blir stemmer «til overs» – desse går i såfall til den neste på lista di! – eller din føretrekte kandidat får så få stemmer at han eller ho blir eliminert i ei av opptellingsrundane – då blir di stemme overført til den neste på lista di! Om eg ikkje er din føretrekte kandidat, så set meg gjerne opp som nummer to eller tre. Og om du allereie har stemt, så kan du ombestemme deg og stemme om igjen heilt fram til torsdag.
Godt val!