YTRING

Oddrun Samdal (rektorkandidat) og Nils Gunnar Kvamstø (prorektorkandidat).

Samling om Samdal

I denne ytringa forklarer innleggsforfattarane kvifor dei stemmer på Team Samdal.

! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.

Valets gleder - UiB har ein leiingsmodell med vald rektor – ein modell som er under press, men som òg har klare fordeler. Den viktigaste fordelen, meiner vi, er at val gjer noko med lojaliteten til leiarane våre. Å stille til val er å be om veljarane sin tillit. Dette tvingar lojaliteten og merksemda til leiaren inn i organisasjonen, til oss som jobbar og studerer ved UiB. I modellen med tilsett leiar, går lojaliteten i større grad oppover, til departement og myndigheiter.

Våre stemmer går til Team Samdal, fordi vi meiner dei har det beste kartet, det beste laget, og den beste verktøykassa. Og Samdal har ein leiarstil vi meiner UiB treng, og vil nyte godt av.

Lytte og leie - Oddrun Samdal har som viserektor i sju år vist at ho både kan lytte og leie – ofte i den rekkefølga. Med entusiasme og handlekraft har ho løfta gode initiativ, og teke dei med inn i det systematiske kvalitetsarbeidet til beste for heile organisasjonen. Det har ho gjort gjennom tydeleg og inkluderande leiing - systematisk arbeid og forankring i dei etablerte linjene og strukturane i organisasjonen, og dialog med alle involverte – både studentane, undervisarane, forskarane, administrasjonen, leiing og samfunnsliv.

UiB på kartet - Gjennom ei rekke gode initiativ har Samdal sett UiB i førarsetet i utvikling av undervisningskvaliteten – det starta første hausten som viserektor da ho tok tak i digital vurdering, ho har sidan jobba fram DigUiB som vart til UiB læringslab, løfta fysisk læringsmiljø og universell utforming, styrka Uped, og vært en pådrivar for innføringa av kunnskapsbaserte og studentaktive undervisnings- og vurderingsformer, og for nye tverrfaglege studieprogram (t.d. innan IKT). Dette er forankra gjennom UiB sin framtidsretta handlingsplan for kvalitet i utdanning, og gjennom Samdal si kontinuerlege vektlegging av samhandling og matrisearbeid som involverer både fagleg og teknisk/administrativt tilsette og studentane i organisasjonen. Slik sikrar ho gjennomslag for desse initiativa i breidda av fagmiljøa på UiB. Samdal har ikkje berre jobba internt, ho har òg synleggjort UiBs arbeid med utdanningskvalitet nasjonalt og internasjonalt. Ho evner å støtte og løfte fagmiljøa samstundes som ho gjer retning, tar initiativ, og er tydeleg når det trengs.

Forskaren Samdal - det kanskje ikkje alle veit er at ho i tillegg til leiaransvar og engasjementet for utdanning har ein imponerande og internasjonalt anerkjent forskingsaktivitet. Dette vitnar om at ho brenn for begge universitetet sine kjerneoppgåver. Og sjølve forskingsfeltet hennar – samanhengane mellom miljø, trivsel, og læring - er vel ikkje direkte irrelevant for ein UiB-rektor?

Visdom og visjon - Med seg på laget har Oddrun eit firkløver som til saman representerer breidda i universitetssamfunnet på en unik måte. Til saman har Team Samdal lang og brei leiarerfaring innan forsking, utdanning, formidling og innovasjon. Her finn du framifrå forskarar på ulike stader i karrieren, og frå både store og små fagmiljø; disiplinfag, profesjonsfag og tverrfaglegheit; og tradisjonelle så vel som nye fagområde. Denne breidda i erfaring og bakgrunn vil gi friskt blod og nye perspektiv inn i toppleiinga på Muséplass. Det vil UiB tene på. Og med visjonen “kunnskapsberedskap er samfunnsberedskap” har Team Samdal blikket festa langt framme. Men plattforma er òg konkret på vegen dit.

Forskingskvalitet - Plattforma presenterer konkrete tiltak for å støtte miljøa på grunnplanet med ressursar, tid, og gode støttefunksjonar tilpassa miljøa sine behov og ønske. Vi meiner det er på sin plass at dei eksisterande satsingsområda vidareførast, men er òg opptatt av at dei må utviklast, og vi ønskjer den varsla dialogen med fagmiljø og fakultet velkommen. Vi er heller ikkje redde for fornying som kan fremje brei og tverrfagleg deltaking frå heile UiB-fellesskapet. Strategien for framtida må sjølvsagt bygge på UiBs historiske styrker, men den må òg være retta mot nye samfunnsbehov og nye faglege mogelegheiter.

Utdanningskvalitet – Her leverer Team Samdal, naturleg nok, ein gjennomtenkt og heilskapleg pakke. Dei er bevisste på kva studentane skal lære og gjere, korleis, og kvifor. Og ikkje minst, kva vi som organisasjon treng gjere for å støtte opp om studentane sitt læringsarbeid. Dette omfattar alt frå programdesign og læringsmiljø til infrastruktur, støttefunksjonar, relevans og ikkje minst kompetanseheving i alle deler av staben.

Forskingsbasert utdanning - Team Samdal meiner at flest mogeleg av studentane ved UiB skal få ta del i forsking. Dette er noko anna, og meir krevjande, enn å berre å bli eksponert for forsking gjennom å bli undervist av aktive forskarar. Dette vil dei oppnå gjennom systematisk jobbing i organisasjonen – gjennom programma og saman med fagmiljøa – ikkje som små topptunge og sårbare initiativ utanfor linjene.

Innovasjon og samfunnsrelevans - Med utgangspunkt i breidda av fagmiljøa, og deira mogelegheiter, ønsker og behov, vil Team Samdal legge til rette for at UiB deltar og bidreg til berekraftig og ansvarleg kunnskaps- og samfunnsutvikling. Vi støtter plattformas breie tilnærming til innovasjonsbegrepet, samt på at teknologi, digitalisering, og infrastruktur ikkje er mål i seg sjølv - der er verkemiddel som skal støtte opp under kjerneaktivitetane.

Stødig og modig - Gode vekstvilkår for dei gode ideane, i kombinasjon med noko så tilsynelatande kvardagsleg som å bruke fellesskapet, jobbe gjennom linjene i organisasjonen, involvere breitt i opne prosessar og høyringar. Kvifor er dette så viktig? Jo, fordi det gjer alle høve til å påverke, det hindrar ekkokammer og guteklubbar, og det gjer stødig og sindig styring av skuta. Med Team Samdal i leiinga vil det bli høgt under taket, og samtidig godt og trygt i et fellesskap med plass til alle. Dessutan vil det bli opne prosessar og få ubehagelege overraskingar. Kven veit, kanskje knuser vi òg eit og anna glastak?

Godt val!

Senterleiar Vigdis Vandvik, Institutt for biovitskap og CeSAM – Senter for bærekraftig arealbruk
Senterleiar Jostein Bakke, Institutt for geovitskap og iEarth Senter for Framifrå Utdanning

Rådgjevar Oddfrid Førland, bioCEED senter for framifrå biologiutdanning

Professor Helge Drange, Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforskning

Professor Christhard Hoffmann, Institutt for arkeologi, historie, kultur-
og religionsvitenskap
Førsteamanuensis Lone Holst, Institutt for global helse og samfunnsmedisin og Senter for farmasi

Førsteamanuensis Lucas Jeno, Institutt for pedagogikk

Administrasjonssjef Kristin Kalvik, Geofysisk institutt

Førsteamanuensis Inger E. Måren, UNESCO Chair - Bærekraftig arv og miljøforvaltning

Professor Lars Nyre, Institutt for informasjons- og medievitenskap

Professor Arild Raaheim, Institutt for pedagogikk

Professor Brynjulf Stige, Griegakademiet - Institutt for musikk

Professor Ole Reidar Vetaas, Institutt for geografi

Powered by Labrador CMS