YTRING

Foto: Eivind Senneset, UiB

Utsegner om Holocaust: ei fagleg og etisk vurdering

I ein artikkel publisert i den austerrikske avisa Der Standard 5. november får utsegner frå professor og historikar Stephan Sander-Faes ved UiB om Holocaust stor merksemd. Ytringane, som også er følgde opp gjennom eit oppslag i Khrono 12. november, går mellom anna ut på at utryddingsleirar eller dødsleirar ikkje eksisterte. Sander-Faes brukar ord som «løgner» og «redselspropaganda» om måten Holocaust er blitt omtala på i ettertid.  

Ytringane er skrivne under pseudonym, men Sander-Faes vedkjenner seg at han er opphavsmann. Han hevdar at han har publisert tekstane som privatperson og utan band til arbeidsgjevaren sin. Han hevdar òg at ytringane, i den forma dei vert vidareformidla gjennom Der Standard, er tekne ut av kontekst og har lite eller inkje samanfall med kjernen i argumentasjonen hans.

Khrono har i si oppfølging av saka intervjua både rektor Margareth Hagen ved UiB og instituttstyrar Teemu Ryymin ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), som båe presiserer at ytringsfridomen gjeld for alle tilsette ved UiB. Dei gjev vidare uttrykk for at dei som arbeidsgjevarar følgjeleg ikkje kan kommentere utsegnene frå Sander-Faes. Samstundes poengterer rektor Hagen overfor Khrono: «Det ligger for øvrig til fagmiljøet å eventuelt vurdere faglige og etiske spørsmål knyttet til denne saken.» 

Fagmiljøet av historikarar ved AHKR ser det då òg som avgjerande viktig å gje uttrykk nettopp for dei faglege og etiske vurderingane våre i ei så alvorleg sak, særleg sidan vi er kollektivt ansvarlege for all undervisning vi gjev studentane våre. 

Vi vil seie klårt ifrå om at alle uttrykk for bagatellisering eller trivialisering av Holocaust er uforeinlege med heilt grunnleggjande vitskaplege og etiske standardar for historiefaget. Holocaust er blant dei best dokumenterte hendingane i moderne historie. Eksistensen av dei nazistiske utryddingsleirane, den systematiske forfølginga og massedrapa på europeiske jødar og omfanget av desse brotsverka er påviste gjennom omfattande og mangfaldige kjelder, og gjennom fleire tiår med internasjonal forsking. Bagatellisering eller trivialisering av desse hendingane undergrev respekten for offera og tilliten til dei normene for sannferd som all historisk forsking er avhengig av. 

Vi har som historikarar eit særleg ansvar for historia om Holocaust. Vi må vere på vakt overfor antisemittisme og freistnader på å dekke over nazistiske brotsverk, og forsvare integriteten til historisk dokumentasjon. Dette er eit vitskapleg ansvar, eit pedagogisk ansvar og eit ansvar overfor samfunnet. 

Utsegnene om Holocaust Sander-Faes står ansvarleg for gjennom aktiviteten på nett er omfattande, og vi kan ikkje i denne omgang ta stilling til eller karakterisere heile breidda i denne meiningsproduksjonen. Det er heller ikkje vår oppgåve som fagmiljø å ta stilling til om utsegnene hans er innanfor eller utanfor ytringsfridomens grenser. Ytringane hans om Holocaust slik dei vert vidareformidla gjennom Der Standard og Khrono er like fullt tydelege i innhald og tendens, og er etter vår vurdering ikkje foreinlege med dei faglege og etiske standardane som må gjelde for historisk forsking, undervisning og rettleiing ved eit universitet.

Vi vil i denne samanheng understreke at det ikkje er mogleg å operere med noko funksjonelt skilje mellom det ein historieprofessor uttalar offentleg om denne tematikken som privatperson og det han må stå for som fagperson og representant for fagmiljøet og den akademiske institusjonen han er del av. For forskarar og undervisarar ved eit universitet vil det alltid vere ein nær samanheng mellom den faglege rolla og offentlege ytringar om spørsmål innanfor eige fagområde.

! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.

Powered by Labrador CMS