NYHET

Margareth Hagen foran juletreet.
UiB-rektor Margareth Hagen ser i dette intervjuet tilbake på året som er gått.

– Det har vore eit innhaldsrikt år

2023 går mot slutten og i dette oppsummerande intervjuet ser rektor tilbake på kva som har prega året som har gått, og kvar ho vil bruke stemma si i 2024.

Publisert

Me er halvvegs i desember, og eit nytt innhaldsrikt år går mot slutten. På kontoret til Margareth Hagen står trillekofferten rett innafor døra. Det er berre minutt sidan ho kom tilbake til Bergen etter ein tur til Stockholm der ein stolt rektor har vore med på feiringa av UiB-alumn Jon Fosse.

– Kva litteraturstudiane og UiB har hatt å seie for diktekunsten hans er vanskeleg å seie noko bestemt om, men det er ingen tvil om at Fosse er ein tenkande diktar, som tenker på ein litterær måte. Og som rektor og vestlending er det klart eg er glad. Det var stort å vere til stades då Fosse fekk Nobelprisen.

I 2015, då rektor Margareth Hagen var dekan for Det humanistiske fakultet, vart Jon Fosse utnemnt til æresdoktor. Den høgste æra universitetet kan gje ein person som ikkje er tilsett ved UiB. Sjølv let ho seg imponere over at den djupe og særeigne, vestlandske diktinga let seg oversette til noko lesarar over heile verda kan elske.

Månader før Nobelprisvinnaren var annonsert, hadde kjærleiken til Fosse si dikting materialisert seg i haustens nyopna UiB-bygg. I trappene opp fellesadministrasjonens nye heim, Nygårdsgaten 5, står det å lese i eit utdrag frå «Det andre namnet»:

«Og eg svarar ikkje og så byrjar vi å gå oppover og snart er vi opp på Høgda komne, der Universitetet i Bjørgvin er, tenkjer eg, og det, ja sjølve namnet, har alltid, ja om ikkje skremt meg, så fylt meg med age, ja med vyrdnad, og ikkje veit eg kvifor, men eit universitet, ein stad der folk dag og kveld les og tenkjer og skriv, og samtalar, og har kjennskap til dei mest ulike emne, ja eg må seia at eg ser opp til ein slik stad, og dei som arbeider der…»

– Det sitatet deler vi litt eigarskap til i leiinga. Vi diskuterer ofte litteratur, og det var universitetsdirektør Tore som fekk ideen, og spurte kva eg tenkte, og om eg kunne skrive til Fosse og spørja om me fekk lov til å bruke sitatet. Fosse svara meg raskt ja og sa at det ville nok Asle ha likt, seier Hagen og viser til Fosse sin kjende karakter.

UiB markerte opninga av NG5 den 30. oktober med tale frå rektor der ho understreka korleis bygget knyter universitetet og byen tettare saman.

– Vi har fått eit hus som er ei bru mellom byen og UiB, med trappeløpet som opnar opp passasjen mellom Nygårdsgaten og Høyden. Med NG5 er UiB eit sterkare og tydelegare byuniversitet.

Opninga blei og markert av ein heilt fersk ordførar Marit Warncke, som understreka at UiB er eit byuniversitet, men vel så viktig er det at Bergen er ein universitetsby.

– Eg føler mykje på det ansvaret, på kor viktig UiB er for Bergen, som kulturby, internasjonal, ung og skapande by.

NG5 samlar kvar tiande tilsett på UiB, til saman 450 menneske, og dette bygget det største grepet som er gjort for administrasjonen på UiB nokon sinne.

Men det er også ei synleggjering av rektoratet sine ambisjonar om eit ope og tilgjengeleg universitet der tilsette og studentar har naturlege møtepunkt og der tilsette i forskjellige avdelingar finn det naturleg og omgåast og samarbeide.

Dei vidare ambisjonane for utvikling av campus er store.

– Dette er prosjekt som er helt nødvendige å gjennomføre viss vi skal vere attraktive for studentar og forskarar framover, seier Hagen.

Meir om dette seinare.

Eit innhaldsrikt år

Men korleis har året vore, sett under eitt?

– Det er vanskeleg å oppsummere. Det viktigaste er det faglege arbeidet som skjer kvar dag. Det riktige svaret er at det har vore rikt, intenst og mangfaldig, slik UiB jo er. UiB er breitt. Det blir skapt ny kunnskap, nye kandidatar som skal tene samfunnet, nye forskingsidear, og tenester i eitt sett. I tillegg blir UiB sjølvsagt prega av det som skjer rundt oss, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt, og då er det naturleg å løfte fram krigen i Gaza som har prega oss sterkt.

– Når ein arbeider på Museplass blir ein så lett fokusert på utfordringane, dei økonomiske og politiske, her og no, og rundt neste sving. Eg tenkjer at vi må bli langt flinkare til å sjå og løfte alt det gode som skjer på UiB, alt vi gjer og leverer kvar dag. Det er eitt av mine nyttårsforsett.

Ein prøva sektor i økonomiske nedgangstider

Dei siste to åra har mykje endra seg, internasjonalt og nasjonalt. Pågåande krigar og konfliktar i Ukraina, Sudan og mellom Israel og Hamas, internasjonalisering under press og økonomiske nedgangstider, alt påverkar også kunnskapssektoren og UiB.

– Det har blitt tøffare økonomisk og samtidig opplever me at det blir stilt stadig større politiske krav til oss. Det blir og stilt høgare krav til sikkerheit, både for forsking og rekruttering, og til å ta ein breiare del av samfunnsoppgåvene. Det å stå i dette saman med gode kollegaer på UiB har vore fint, seier Hagen.

 – Det har også vore utruleg energigjevande og meiningsfylt er å treffe studentane ofte, både dei som er med som frivillige, og dei som er med i student- og universitetspolitikken. Dei er gode allierte og diskusjonspartnarar for oss i mange prosessar.

 Ytringsfridom, akademisk fridom og forskingsfridom

For rektor er det viktig å understreke at det skal vere høgt under taket på UiB og også viktigheita av meiningsbryting.

– Akademisk fridom og forskingsfridom er grunnmuren vår. 2023 har vore prega av drøftingar om akademisk ytringsfridom, eit interessant omgrep som er uløyseleg knytt til den akademiske fridomen. Meir enn nokon gang treng verda kunnskapsrike, uavhengige stemmer som deltar i samfunnsdebatten. Verdien av den akademiske fridomen kan ikkje bli sett høgt nok. Det er sjølve eksistensberettigelsen til universitetet. Vi skal være opne og djerve i spørsmåla som stillast og kunnskapen vi søkjer.

– Dette året har handla mykje om ytringsfridom for dei tilsette i sektoren vår. Og det er sjølvsagt bra, men eg håpar at det neste året vil breie temaet meir ut, og sjå på korleis det står til med forskingsfridomen. En stadig større del av forskingsmidlane går til å løyse samfunnsutfordringar. Vi treng å beskytte den frie forskinga også, den som stiller djerve spørsmål, som er internasjonal sterk og som byggjer grunnforskinga.

Rektor trekker også fram at ho er takksam for alle kollegaene kom har lagt inn eit stort formidlingsarbeid gjennom denne perioden, og for breidda av fagmiljø som har vist seg relevante.

– Vi ser heile tida konkrete eksempel på kor viktig det er å ha institusjonar som fungerer som ein kunnskapsberedskap for samfunnet rundt oss, og ikkje minst, for framtida. Vi skal utvikle kunnskap for ei framtid vi ikkje kjenner.

 Ny strategi for UiB

Nettopp det å ivareta kunnskapsberedskapen er eit sentralt mål i strammare tider og i UiB sin nye strategi, som vart vedteken av styret 2. februar i år. Strategien skal vare til 2030, og stakar ut ein tydeleg kurs for UiB som eit sterkt forskingsuniversitet med stor breidde.

– Vi må huske på at det politiske landskapet, behova i samfunnet og krava til vår sektor har endra seg veldig sidan den førre strategien vart laga. Det å stå fast ved at vi, også i framtida, skal ha eit sterkt forskingsstempel og at vi skal ta vare på breidda, er eit viktig og krevjande mål å sette seg. Det finnes få institusjonar som liknar på UiB i Noreg, og slike universitet kan ikkje berre liggja i Oslo, seier Hagen.

Ho peikar på viktigheita av mangfald blant institusjonane i Norge, og at UiB i dette mangfaldet skal vere kjenneteikna av nettopp den nysgjerrigheitsdrivne grunnforskinga og ein sterk disiplintradisjon.

– Det er eit bevisst val at me vel å vere eit forskingsuniversitet. Det har konsekvensar for prioriteringane våre og korleis vi tenker. Det er også difor me strekker oss så langt me kan for å skjerme fagmiljøa i stramme økonomiske tider, og heller ta ned kostnader andre stader.

 Kampen for Griegakademiet

Ei av dei viktigaste kampsakene for UiB siste åra har vore å jobbe for løyvingar til eit nybygg for Griegakademiet over statsbudsjettet, og skuffelsen var stor då forslag til budsjett vart lagt fram i haust utan at det var sett av pengar til det løftet musikkutdanninga treng.

– I oppløpet til budsjettforhandlingane stilte regjeringa ganske uventa krav om ein KS2, ei ekstra kvalitetssikring, og det er vi no i gang med. Vi blei difor ikkje overraska over at det ikkje kom løyvingar til Griegakademiet etter forhandlingane med SV.

Rektor understreker at dette betyr at kampen fortsetter til våren.

– Dette betyr også sjølvsagt at vi forventar rask prosess når denne kvalitetssikringa er gjennomført. Dette kravet kan ikkje tolkast på nokon anna måte enn at regjeringa er klare med pengane når kvalitetssikringa er gjennomført. 

– Vi har kjempa lenge for dette og for at fagmiljøet og studentane skal få det bygget dei fortener, og vi er så takksame for støtta frå våre allierte i musikk-Norge, byen og spesielt frå SV. Vi fortset arbeidet for å skaffe finansiering til Griegakademiet og vi rettar no blikket mot revidert nasjonalbudsjett.

 Også Nygårdshøyden Sør med rehabilitering av Realfagsbygget og Fysikkbygget, rehabilitering av Kulturhistorisk museum og nybygg til Fakultet for humaniora, er del av utviklingsplanen for campus.

– Dette er viktige prosjekt for oss, for byen, men sjølvsagt aller mest for fagmiljøa og studentane våre. Dette er noko me tenker mykje på, og på grunn av den økonomiske situasjonen må bruke ein del kreativitet på å løyse. Eg håpar regjeringa ser verdien av å satse på studentane og på UiB, og kva ringverknader det får for heile regionen vår. Det er ikkje til å kome frå at Vestlandets behov ikkje har blitt godt ivaretekne siste åra.

Og for Vestlandslegen og havet…

UiB har i mange år arbeidd fram eit nytt studieprogram i medisin som skal tene heile Vestlandet, gjennom å ta i bruk sjukehusa i Stavanger, Førde og Haugesund.

– I årets statsbudsjett kom endeleg 20 heilt nye studieplassar som skal leggjast til Stavanger, slik at dei tre siste åra av studiane skal skje ved sjukehuset der. Det er ein milepæl for dette viktige prosjektet, som handlar både om kapasitet- og kompetansebygging for helsesektoren i Vest, men og om utvikling av studieprogrammet. Det er alltid farleg å nemne namn, for da blir mange utelatne, men vi er utruleg takknemlege for den store innsatsen som har blitt lagt ned for å lukkast her.

Mange framhevar at UiB er eit havuniversitet, korleis vurderer du det og UiB sin innsats framover?

– Eg trur det er ei viktig og god anledning til samarbeid på tvers av fagmiljø på UiB og med eksterne på hav. UiB har alltid, frå byrjinga av, hatt ei stor styrkje på kunnskap om havet. Vi samarbeider og tett med HI, Vestland Fylke og Bergen kommune for å styrke den breie kunnskapen om havet.

Nyskapingar

2023 vil bli huska som året der «alle» fekk auga opp for kunstig intelligens. Den 30. november var det 1 år sidan Chat-GPT vart lansert for offentlegheita, og siste året har diskusjonane gått høgt om kva dette kan bety for akademia.

– UiB har arbeidd systematisk med det digitale og med kunstig intelligens i mange år. Det nye tilbodet med den breie emnepakken om digital kunnskap og kompetanse til alle studentar og no også tilsette er heilt unik, også internasjonalt. Den skal no ut i samfunnet som eit tilbod til bedriftene på Vestlandet. Det har vore viktig å vise fram styrken vår nasjonalt i det digitale, vi har verkeleg ei stor bredde av sterke fagmiljø som arbeider med KI og digital kunnskap. Eg vil også nemne at vi gjennom det internasjonale prosjektet LEAD AI skal tilsette 19 postdoktorar i åra 2024-2028, og slik, saman med næringsliv og offentleg sektor, trene opp framtidas forskingsleiarar innan KI.

- Her vil eg vere tydeleg som rektor

Når me no går inn i eit nytt år, er det nokon saker som peiker seg ut som viktige å følgje opp.

Kva tankar gjer du deg om året me no går i møte?

– Vi har fått eit nytt finansieringssystem, som er meir utdanningsfokusert. Det som står på spel er at disse strukturelle endringane ikkje svekker dei internasjonale breiddeuniversiteta som UiB og UiO. Her vil eg vera tydeleg som rektor, og bruke mi stemme, det neste året.

 – I 2024 skal også arbeidet med gjennomgangen av forskingssystemet ferdigstillast, som skal munne ut i ei stortingsmelding våren 2025. Det blir viktig for oss å gje gode innspel til den prosessen, som og skal ta for seg rollane til dei ulike aktørane i kunnskapssystemet, universiteta, instituttsektoren, KD, direktorata og forskningsrådet. 

Rektor understreker også viktigheita av å jobbe for at UiB framleis skal vere eit sterkt internasjonalt universitet.

– Eg ser og behovet for å arbeide meir strukturert med det internasjonale. Vi kan ikkje lenger ta det for gitt, slik vi kanskje kunne for få år sida. Geopolitikken, økonomien vår, innføringa av studieavgifta for internasjonale studentar og EUs mange initiativ gjer at vi bør arbeide systematisk for at UIB skal vere eit sterkt internasjonalt universitet også i framtida.

 – Vårt viktigaste bidrag til demokratiet

– Eg er glad for at UiB er ein institusjon som er tungt verdiforankra og som ser seg sjølv som ein samfunnsinstitusjon. Vi skal stå for den frie og sterke kunnskapsutviklinga. Det er vårt viktigaste bidrag til demokratiet og samfunnet. Desse fanene skal me forsette å halde høgt, og det gjer alle på UiB kvar dag gjennom arbeidet vårt. Og så håper eg sterkt på fred for sivilbefolkninga i Gaza.

 – God og fredeleg jul til alle!

Powered by Labrador CMS