ÅRBOK 2023

Christie si utanlandsreise i 1823 skulle få store følgjer for den gamle handelsbyen ved Vågen. Samtidig prospekt av Bergen, måla av Catharina Hermine Kølle. Eigar: Universitetsmuseet i Bergen.
Christie si utanlandsreise i 1823 skulle få store følgjer for den gamle handelsbyen ved Vågen. Samtidig prospekt av Bergen, måla av Catharina Hermine Kølle. Eigar: Universitetsmuseet i Bergen.

Reisa som skapte eit museum

St. Hanskvelden for 200 år sidan, 24. juni 1823, legg ei skute frå kai i Bergen. Om bord står ein snautt 45 år gamal mann og ser mot land. På alle nes og knausar brenn det bål som om heile byen helsar den reisande som no legg ut på si livs kanskje viktigaste ferd. Ei reise som skulle få store følgjer for mannen og for byen, og som truleg skapte eit museum og sidan eit universitet.

Publisert Sist oppdatert

FAKTA

Denne teksten er en del av årbok for Universitetsmuseet i Bergen 2023. 

Årboken kommer for salg i museumsbutikken tirsdag 5. desember.

Den reisande er stiftamtmann Wilhelm Friman Koren Christie (1778–1849), på veg til kuropphald i Karlsbad i Böhmen, etter tilråding frå lege; «I aaret 1823 var jeg saa jevnlig plaget af nervetilfælde, at jeg blev sat ud af Stand til at udføre enhver Forretning, der fordrede Sjels- eller Aandsandstrengelse.» Han hadde hatt krevjande arbeidsoppgåver over lang tid, og dessutan private utfordringar[1]. Om vi skal nytta språk frå vår tid var han kan hende «utbrend». Han trong kvile, klargjering av tankane og mentalt påfyll, noko han skulle få i rikeleg mon på reisa. Med seg hadde han venen, apotekar Gerhard Herman Monrad (1793–1828), og den tyske tenaren Friedrich. Kl. 11 om kvelden passerte skuta handelsstaden Bukken ved Hjellestad, og ved middagstid dagen etter ankra dei opp i Hovlandsvik ved Egersund. Første etappe var gjort unna.

På oppfordring frå legen og nære vener bestemte Christie seg for å skriva dagbok;

«at nedskrive, hvad der mødte meg på Reisen, for såvidt det muligens kunde interessere ... venner, min læge eller i eftertiden mig selv, omenskjønt jeg vidste, at det, som en nedtrykt Sjæl dicterede gjennom et svekket Legeme, ikke kunde tilfredstille mine Venners og Læges beskedne fordringer, meget mindre mine egne.» 

Wilhelm Frimann Koren Christie: Dagbøger paa Reiser i Udlandet, 1823. Spesialsamlingene, Universitetsbiblioteket i Bergen.
Wilhelm Frimann Koren Christie: Dagbøger paa Reiser i Udlandet, 1823. Spesialsamlingene, Universitetsbiblioteket i Bergen.
Wilhelm Frimann Koren Christie: Dagbøger paa Reiser i Udlandet, 1823. Spesialsamlingene, Universitetsbiblioteket i Bergen.

Sjølv om han framstiller seg som svak og sjukleg, vitnar reisedagboka mest om ein vital og kunnskapshungrig middelaldrande mann som søker eit livsprosjekt og kanskje meininga med livet. Manuskriptet etter Christie er på 177 kvartsider[2] og vart i 1955 gitt som gåve til Universitetsbiblioteket i Bergen av oldebarnet, overrettssakførar Wilhelm Frimann Koren Christie.

Dagboka er krydra med små og store observasjonar og refleksjonar som teikn på forfattaren si nysgjerrigheit og sin klåre forskarnatur. Allereie mens reisefølgjet venta på bør i «Eggersund» fatta Christie interesse for ein særeigen metode som vart nytta for å fanga laks i Fotlandselva. (Fig.3) 

Figur 3. Den observante Christie: Målsett teikning av ein hov som vart nytta til å fange laks i Fotlandselva ved Egersund.
Figur 3. Den observante Christie: Målsett teikning av ein hov som vart nytta til å fange laks i Fotlandselva ved Egersund.

Eit par dagar seinare fretta han ut om bakgrunnen til namnet «Vogelsand» i Cuxhaven, der seglskuta så vidt unngår å setja seg fast på ein sandbanke i elvemunningen. Slik kan ein følgja Christie frå stad til stad gjennom dei tyske bystatane og fyrstedøma; på verthusbesøk i Hamburg for å lesa dei siste avisene, innom saltverket i Lüneburg , djupt nedi sølvgruvene i Joachimsthal, innom eit kloster i Praha, i porselensfabrikken i Meissen, ved slottskyrkja i Wittenberg der Luther slo opp tesane sine, og på papirfabrikk og harejakt i Berlin. 

Christie sine interesser var altomfemnande og dagane vart godt nytta til ulike besøk, og til «visiter» med «kontravisiter» til kjende og ukjende personar, ofte med introduksjonsbrev i handa. Dagane vart gjerne avslutta med ein kveldstur i «Commedien», med påfølgjande vurderingar av song- og skodespelarprestasjonane.

Hamburg

Reisa gjennom Europa gjekk med seglskute frå Noreg til det danske Altona og vidare med hesteskyss og reisepass frå by til by i det oppsplitta tyskspråklege landskapet. I Altona og Hamburg møtte dei kjentfolk og fekk sjå danskekongen Frederik den 6. [3] med følgje, som var på gjennomreise på veg til hertugdømet Lauenburg aust for Hamburg. Dette hadde Danmark fått etter tapet av Noreg, og Christie kalla dette lakonisk for «det nye Norge» i dagboka.

I Hamburg kjøpte Christie seg vogn til turen, og denne måtte testast og klargjerast før reisa.

«Kl. 6 om Morgenen dro vi ud fra Steinthor. Da vor vogn havde staaet ubrugt i 2 aar, nærede jeg en hemmelig Frygt for, at den skulde faae Skade paa Chausseen, og jeg følte derfor et Slags Angest, hver Gang Vognet fik et Stød eller gjorde et Hop. Jeg glædede meg imidlertid over, at den var rummelig at sidde i, vel indrettet og meget magelig». 

Med ei godt brukt vogn la reisefølgje ut frå Steintor i Hamburg om morgonen 14. juli. Om ettermiddagen 7. september er dei attende same stad. «Det er en ikke liden Circel, jeg har gjort siden jeg forlod Hamborg d. 14de Julii. Mig, der ikke har faret vidt omkring i Verden, forekommer det som om jeg har seet og erfaret meget paa denne Tour. Om jeg har lært og profitereret Noget deraf, vil Tiden vise.» . Steintor, Hamburg ca. 1840, P. Suhr, Wikimedia.org
Med ei godt brukt vogn la reisefølgje ut frå Steintor i Hamburg om morgonen 14. juli. Om ettermiddagen 7. september er dei attende same stad. «Det er en ikke liden Circel, jeg har gjort siden jeg forlod Hamborg d. 14de Julii. Mig, der ikke har faret vidt omkring i Verden, forekommer det som om jeg har seet og erfaret meget paa denne Tour. Om jeg har lært og profitereret Noget deraf, vil Tiden vise.» . Steintor, Hamburg ca. 1840, P. Suhr, Wikimedia.org

Slik for dei på skiftande underlag frå skysstasjon til skysstasjon; over heier og sletteland, gjennom djupe dalar, mørke skogar og over bratte høgder. Rundturen frå og til Hamburg er på rundt 1300 km. Mest strevsam var nok reisa for kuskane, som måtte halda fast i taumane på «hestekreftene» i to- og firspanna som drog vogna. Frå Hamburg bar det med ferje over Elben ved Zollenspieler, vidare til Lüneburg, Gifhorn, Braunschweig, Wolfenbüttel, Dardesheim, Halberstadt, Kønnern, Halle, Leipzig, Borna, Altenburg, Zwickau, Schneeberg, Wildenthal og Neuendick (Nejdek) til Karlsbad (Karlovy Vary).

Leipzig

På veg mot Karlsbad er Christie innom Leipzig. Det var då gått knappe ti år sidan Napoleon hadde møtt si overmakt her, i det såkalla «Folkeslaget» like utanfor byen.

16.–19. oktober 1813 møttest over ein halv millionar soldatar frå Frankrike, Russland, Preussen, Austerrike og Sverige for å avgjera framtida for Europa. Det var det største slaget som nokon gong hadde stått, med ufattelege lidingar og over 100.000 drepne.

«Folkeslaget» i Leipzig 16.–19. oktober 1813, skildra av Vladimir Moshkov, Wikipedia.org
«Folkeslaget» i Leipzig 16.–19. oktober 1813, skildra av Vladimir Moshkov, Wikipedia.org

Her vart òg Noreg si skjebne avgjort. Den seinare svensk-norske kongen Karl Johan som jo Christie hadde eit nært forhold til, leia då ei gruppe på 17.000 svenske soldatar i kampen mot Napoleon. 

Ved Kielfreden i januar året etter, måtte Danmark som stod på Napoleon si side, avstå Noreg til Sverige, noko som sidan leia fram til det norsk sjølvstendet som Christie hadde sikra som Stortingspresident den 4. november 1814. Frå observatoriet i byen fekk Christie eit vidt utsyn over landskapet der skjebneslaget hadde stått, og dessutan høyra augevitne-forteljingar frå slaget.

Frå observatorietårnet i slottet Pleissenburg i Leipzig fekk Christie eit vidt utsyn over området der «Folkeslaget» hadde stått. I tårnet (til høgre i byprospektet hadde kongen og dronninga av Sachsen søkt tilflukt under det fire dagar lange og blodige slaget. Wikipedia.org/J.Meyer,UBB
Frå observatorietårnet i slottet Pleissenburg i Leipzig fekk Christie eit vidt utsyn over området der «Folkeslaget» hadde stått. I tårnet (til høgre i byprospektet hadde kongen og dronninga av Sachsen søkt tilflukt under det fire dagar lange og blodige slaget. Wikipedia.org/J.Meyer,UBB

Karlsbad

Til Karlsbad kom reisefølgjet om morgonen 21. juli 1823. 

Prospekt av Karlsbad. J. Meyer: Das grosse Conversations-Lexicon für die gebildeten Stände.Hildeburghausen 1840-1855. Illustrasjonsbind II og III, «Geographie», 1854. Spesialsamlingene, UBB.
Prospekt av Karlsbad. J. Meyer: Das grosse Conversations-Lexicon für die gebildeten Stände.Hildeburghausen 1840-1855. Illustrasjonsbind II og III, «Geographie», 1854. Spesialsamlingene, UBB.

Opphaldet i Karlsbad var relativt monotont, skal vi tru dagboka. Dei daglege nedteikningane er stort sett korte og gjentakande, mellom anna om spaserturar til «brøndene» for å drikka nokre få beger av det helsebringande vatnet, og om promenadar og passiarar med andre gjester på kurbadet. Dietten var streng, og ifølgje legen ville verknaden ikkje koma før etter fleire månader (som jo i vår samanheng skulle visa seg å vera rett).

Ein av dei siste dagane i Karlsbad dreg Christie og Monrad på ei lengre utflukt til sølvgruvene i Joachimsthal (Jáchymov). Det var her den første sølvthalaren vart prega rundt år 1520. Joachimsthal skulle sidan gje namn til pengeeiningar over heile verda; mellom anna den tyske thaler, nordiske dalar og amerikanske dollar. Christie nemner ikkje dette i dagboka, men skildra ei dramatisk ferd djupt nedi dei eldgamle gruvestollane.

« om Eftermiddagen fore vi ind i Gruben, efterat vi havde iført os Bergmands-Drakter, Siddende i 2 Sæle ved Siden af hinanden, vis a vis 2 Stigere, hver med en Lampe i Haanden, blev vi stregne ned i en Vinde, efterat 2 sorte Mænd havde aabnet en Luge under os og ønsket os en lykkelig nedfart, samt at vi maatte komme friske og sunde op igjen....»

Denne hendinga må ha gjort stort inntrykk. Etter ei utførleg skildring av si underjordiske reise, konkluderer Christie: « Jeg er saare vel tilfreds med at have gjort denne underjordiske Vandring».

24. september er det gjort klar til heimreis. På førehand hadde Christie sendt ein del varer til Praha for vidare båttransport på Moldau (Vitava) og Elben ned til Hamburg. Heimreisa gjekk via Praha, Töplitz (Teplice), Dresden, Meissen, Torgau, Wittenberg, Potsdam, Berlin, Hemmingsdorf, Kremmen, Fahrbellin, Kyritz, Kletsche, Perleberg, Grabow, Lauenburg, Boitenburg, Hamburg, Neumünster og Kiel til København.

Praha

Christie med følgje var 2 dagar i Praha. Der vitja han kjende landemerke som slottet og St.Vitus-katedralen på høgda over Mala Strana. Sida vitja han grava til Tycho Brahe i Týnkyrka i gamlebyen, Staré Město. Den verdskjende danske astronomen hadde tenestegjord i Praha i sine siste leveår. «.. denne berømte Danske Mand, der, som han selv, stolt nok, skrev, havde bragt Danmarks Navn op til Stjernerne...» 

Prospekt av Praha med Slottshøgda og Karlsbrua, og av Týnkyrka i gamlebyen med grava til den danske astronomen Tycho Brahe., «.. denne berømte Danske Mand, der, som han selv, stolt nok, skrev, havde bragt Danmarks Navn op til Stjernerne...». J.Meyer,1854. UBB.
Prospekt av Praha med Slottshøgda og Karlsbrua, og av Týnkyrka i gamlebyen med grava til den danske astronomen Tycho Brahe., «.. denne berømte Danske Mand, der, som han selv, stolt nok, skrev, havde bragt Danmarks Navn op til Stjernerne...». J.Meyer,1854. UBB.

I Karlsbad hadde han møtt ein munk frå De barmhjertige Brødres Kloster i Praha som hadde fanga interessa, og no ville han vitja klosteret. Dette var eit kloster og fattighospital, som òg hadde plass for sinnslidande.

«Der hersker en Renlighed, Orden, frisk Luft og en Livlighed, som langt overgaaer ethvert af de Hospitaler, jeg forhen har seet.....Hjertelig glad over at have seet Stiftelsen forlod jeg den, og jeg nedlagde med Erkjendlighed min Skjerv i Kassen, da denne Stiftelse har gjort mere, end jeg kunde haape, nemlig at vise mig en Munke Orde, som jeg kunne elske og højakte.»

Av dagboka kan det sjå ut som om Christie hadde ei særleg interesse for katolske institusjonar, kyrkjer og ritual, som var så annleis enn det han kjende frå det lutherske Norden.

I Praha var Christie òg på landturar og vitja parkar, ein botanisk hage og eigedomar rundt byen, mellom anna den «Canalske hauge» som var open for alle, bortsett frå jødar.

På veg ut av byen 27. august køyrde dei over den gamle og imponerande «Moldau-Broe», Karlsbrua, som vart starta bygd i 1358. «Paa begge Sider ere Fotoge for Gaaende, som maa følge den regel at gaae paa den til høire værende Fortog», skriv han.

Christie hadde gledd seg til å sjå utsikta på det høgste punktet på grensa mellom Böhmen og Sachsen, men vart hindra av ei «fryktelig Taage» på veg til grensebyen Peterwald, «hvor vaare passe bleve eftersete og paategnede. Vi fikk strax Heste og forlode Bøhmen. Vejen i det Sachsiske blev strax meget bedre.» Her oppstod ei dramatisk hendig då vogna mista eit hjul og hamna i grøfta, men utan at nokon vart alvorleg skadde. 

Dresden

Kl. 4 på ettermiddagen den 28. august når Christie Dresden, og tar inn på Hotel de Saxe i Neumarkt. Deretter går han og Monrad ein spasertur ned til Elben «hvor vi besaae den skjønne Bro over floden i mellom Alt- og Neustadt» og sidan ein tur i begge desse bydelane. Neste dag gjekk dei ut allereie kl. 6 om morgonen. Dei besøkte mellom anna den katolske kyrkja der det var messe, barokkanlegget Zwinger og kongeslottet. 

Planteikning av Dresden med sentrale bygningar som Christie vitja. J.Meyer,1854. UBB.
Planteikning av Dresden med sentrale bygningar som Christie vitja. J.Meyer,1854. UBB.

Sidan vitja dei målaren I.C. Dahl som skulle bli vegvisar i byen. Dahl hadde reist frå Bergen i 1811, med stønad frå Lyder Sagen og andre i vennekrinsen, for å utdanna seg i København. Året etter, i 1824, skulle han bli professor ved Der Königlichen Sachische Akademie der bildende Künste zu Dresden und Leipzig.

30. august tok Dahl dei først med i Det kgl. kunstmuseum der dei mellom anna fekk sjå verk av meistrar som Rafael, Rembrandt, Rubens og Van Dyck. Det var folksamt og trongt i museet. Christie uttrykker seg kritisk til korleis måleria var hengde opp, og korleis lyset fall på bileta. Sidan gjekk dei til Det kgl. Kunstgalleriet der det mellom anna hang bilete av Dahl og av venen og naboen i Elbstrasse 33, den seinare så verdskjende målaren Caspar David Friedrich. 

I.C. Dahl, Dresden i måneskinn, Nasjonalmuseet, Wikipedia.org.
I.C. Dahl, Dresden i måneskinn, Nasjonalmuseet, Wikipedia.org.

Begge stader er det fullt av besøkande og studentar som kopierer gamle meistrar som lekk i utdanninga si. Sidan besøkte Christie porselenssamlinga i Das Japanische Palais, der det fanst mengder av saksisk, japansk, kinesisk, austindisk og fransk porselen. Berre dei austindiske og japanske samlingane fylde heile 8 rom i bygningen. Etter ein kort middagskvil, bar det vidare til juvelsamlinga i Das Grüne Gewölbe, i underetasjen på slottet. 

«Dette Kabinet forvarer mange rare Sager og store Skatter, bestående af skjeldne Arbejder i Elfenbeen, Steen, Sølv og Guld, samt kostbare Perler og Ædelstene, deels løse, deels anbagt i Smykker.» 

Etter besøket gjekk Monrad i Comedien, «men jeg blev hjemme, da jeg behøvede at repetere og fordøje endel av det meget, jeg havde seet i Dag.», avsluttar Christie.

Om morgonen 1. september gjekk dei for å sjå Det kgl. Rustkammeret med rundt 20.000 gjenstandar i ein bygning som låg vegg i vegg med kunstgalleriet. Her såg dei mellom anna «...en lappisk Hexetromme, der skal være overtrukket med Menneske-Hud, og ziret med magiske Figurer tegnede med Menneskeblod...» Etter besøket i Rustkammeret bar det vidare til barokkanlegget Zwinger, der dei vitja dei naturhistoriske samlingane som Christie omtalar slik:

«Da vi havde beseet Rustkammere.... gik vi hen til de Kgl. Naturalia-Kabinet, som forvares i en af bygningene i Zwinger. Inspektoren viste os omkring i 3 stor Sale eller Gallerier, hvor vi besee først Mineraliene og siden Zoologiske Samling. Mineraliene ere ordnede efter Werners System og ligge saaledes, at de frembyder en skjønt Syn endog for den ikke Sagkyndige, til hvis Classe jeg bekjender mig,. ..Der fantes mange skjønne Petrafacta og deriblandt en meget stor Egestamme, hvoraf et betydeligt Stykke er poleret, et petrificiferet Hoftebeen af en Mammouth, Elephant Tænder fra Sibirien....... I den zoologiske Samling fantes blandt meget andet, Embryoer af Mennesker gradvis fra Undfangelsen til Fødselen, en mengde Abekatte af forskjellige Slags,... et betydelig antal Fugle, især af Paradisfugle, Fasaner og Colibrier, en Boa constrictor, 30 fod lang, en liden Brilleslange....»

Kan hende det var denne dagen tanken om å .. «opprette et Musæum og Naturalie-Cabinet i Bergen» streifa han for første gong?

Berlin

Til Berlin kom reisefølgjet 5. september. På vegen inn frå Potsdam vart Christie fortald at postmeistrane med ansvaret for postgangen mellom dei to byane hadde heile 500 hestar til disposisjon, truleg langt fleire enn dei Christie nytta på heile reisa si. Då dei kom til Berlin tok dei inn på eit par små rom i Hotel de Preusse i Leipziger Strasse. Det var trongt om sengeplass i byen denne dagen, grunna ein stor militær «Høstmaneuvre» som gjekk av stabelen i nærleiken av Kreutzberg.

I Berlin vitja Christie og Monrad mellom anna «Berliner Universität» på Unter den Linden. Dette var grunnlagt av lingvisten og utdanningsreformatoren Wilhelm von Humbolt i 1810, skaparen av det moderne universitetskonseptet som sameinar forsking og utdanning. 

«..siden besøgde vi samlede det zoologiske Musæum, der er Universitetet tilhørende og staar opstillet i den store, prægtige Universitetes Bygning,..». Universität zu Berlin» på Unter den Linden (nå Humboldt-Universität zu Berlin) ca 1850, Wikipedia.org
«..siden besøgde vi samlede det zoologiske Musæum, der er Universitetet tilhørende og staar opstillet i den store, prægtige Universitetes Bygning,..». Universität zu Berlin» på Unter den Linden (nå Humboldt-Universität zu Berlin) ca 1850, Wikipedia.org

9. september 1823 skriv Christie i dagboka:

«På egen Haand foretog jeg mig en lang Spasertour igjennom Alte Kölln. Meden Monrad besøgde Professor Hermbestedt – siden besøgde vi samlede det zoologiske Musæum, der er Universitetet tilhørende og staar opstillet i den store, prægtige Universitetes Bygning, omtrendt 20 Værelser ere fuldt besatte med udstoppede Fugle, Fiske og firfodede Dyr, med Insechter, Conchylier, Coraller og mere, altsammen eller dog det meste indsat i Glasskabe, systematisk ordnet og vel conserveret. Dette musæum bestaar af flere sjeldne Samlinger, som af Kongen og adskillige Private ere skjænkede til Universitetet. Museet staar åben 2 Dage ugentligen fra Kl. 12 til 2 og det for Enhver. Man anseer dette Musæum, formidelst dets Fuldstendighed og de Skjældenhede, det indeholder, som et af de betydeligste Skatter, der gjemmes i Hovudstaden.»

Deretter bar det til Det kgl. Leigebibliotek som romma ikkje mindre enn 250.000 bokbind. Her fekk dei mellom anna sjå eksemplaret av Det gamle testamentet som Luther hadde nytta då han omsette Bibelen til tysk, med Luther sine merknader i margen. Opphaldet i Berlin vart forlenga med 2 dagar, fordi Christie ville sjå Schillers Maria Stuart i Skauspielhaus:

«Om aftenen saae vi Maria Stuart, for hvis Skyld vi havde opholdt 2 Dager længere i Berlin, end vi ellers havde foresat os. Madam Stuh gav Marias Rolle til en høi grad af Fuldkommenhed.....Scenene imellom begge Dronningerne gik uforlignelig. Jeg er meget glad over at have seet dette herlige Stykke.» 

Königliches Schauspielhaus på Gendarmenmarkt teikna av Karl Friedrich Schinkel (1819). Her fekk Christie sjå Schillers Maria Stuart. «Jeg er meget glad over at have seet dette herlige Stykke». I dag er bygningen konserthus. Wikipedia.org.
Königliches Schauspielhaus på Gendarmenmarkt teikna av Karl Friedrich Schinkel (1819). Her fekk Christie sjå Schillers Maria Stuart. «Jeg er meget glad over at have seet dette herlige Stykke». I dag er bygningen konserthus. Wikipedia.org.

Som allereie nemnt gjekk reisa heimover via Hamburg. Her skilde Christie og Monrad lag. Christie reiste vidare til Kiel der han gjekk om bord først i den danske hjuldamparen H/S Caledonia. Denne hadde frå 1819 gått i fart mellom Kiel og København. Om ettermiddagen 26. september legg hjuldamparen til ved Tollboden i København.

«Vejret var skjønt og Vinden føjelig. Jeg saae og gjenkjendte ganske den Egn, som Dahl saa vakkert har malet paa det store Stykke han forerede Vennekretsen. Møens Kridtbjerge saae jeg ogsaa, men i saadan Afstand at jeg ikke kan gjøre mig noget ret tydelig Begreb om hvordan de egentligen see ud. Kl. 5 ½ om Aftenen blev Dampbaaden fortøjet ved Toldboden, der knapt kunde rumme den Mængde Tilskuere, som ventede der på det herlige Syn, at betrakte et halvt hundrede Passagerer....» 

På heimreisa frå Kiel til København passerte Hjuldamparen H/S Caledonia Møns Klint. Måleri: I.C. Dahl, KODE – kunstmuseer og komponisthjem, Wikipedia.org.
På heimreisa frå Kiel til København passerte Hjuldamparen H/S Caledonia Møns Klint. Måleri: I.C. Dahl, KODE – kunstmuseer og komponisthjem, Wikipedia.org.

I kongens by var han igjen på kjende trakter. Her oppheldt han seg ein månads tid før reisa attende til Noreg og Bergen.

København

I København nyttar Christie høvet til å treffa gamle kollegar frå Kanselliet og andre han kjende frå før. Det var eit rett så sosialt og tett program med middagsbesøk, promenadar, visittar og utflukter. Dessutan reiste han rundt på gamle trakter og mimra om tidlegare tider, som då han tok seg ein spasertur til Fredriksberg.

«Mens jeg stod der, lænende mig paa min stok, og gjorde mine simple Reflektioner over, hvad der har hændet, siden jeg senest var på dette Sted, kom en liden Herre, med sorte Klæder og et Sølvkors på brystet, hastig forbi, vendte seg om og stansede tæt foran mig, hvor han blev staaende og saae på mig, stift inn i Øjnene. Jeg fant vel hans maneere besynderlig, men jeg taug og gloede han ligeledes lige i Ansiktet. Da vi saaledes havde staaede en liden Stund, gjenkjendte jeg i den fremmede Mand – Friderich den 6te – Jeg traadte et par Skridt tilbage og tog min hat dybt af. Han gjorde det samme, vendte seg hastig om og gik......Vores første møde var uventet, og ikke synderlig interessant, jeg haaper at det næste bliver behageligere.»

Nokre dagar seinare fekk han audiens hjå kongen som han overraskande hadde møtt på Frederiksberg. Han skildra møtet kort og forretningsmessig. «Jeg talede med kongen omtrendt et Qvarteers Tid, men det forekom mig, som om han var temmel forlegen. Vi talede om ligegyldige Ting. Han saae noget bedre ud, end da jeg senest saae han i Altona, men han er bleven meget gammel af Udseende». Møtet med Prins Christian Frederik, norsk konge frå 17. mai til 10. oktober 1814, var både lengre og meir hjarteleg. Dei to hadde stått kvarandre nært i tida etter Riksforsamlinga på Eidsvoll.

«Han talte ogsaa endel om constitutionelle Forfatninger i Alminnelighed, hvoraf jeg troede at bemærke, at han endnu ynder disse, og at han havde i Sinde engang at give Danmark en saadan, hvis Regjeringen kommer til ham.[4] Begivehedene medens han herskede i Norge berørte han løseligen og paa en vakker Maade.»

I København stod òg museumsbesøk på programmet. Sjølv om han kjende byen godt frå før, var det kome mykje nytt til sidan sist. Conferentsraad Peter Johan Monrad (1758-1834) var Christie sin vegvisar til kunst- og museumsamlingane i byen. Monrad var opphavleg norsk, frå Kristiania, men hadde arbeidd i det danske kanselliet i ei årrekkje, og var ein sentral kulturperson i byen. Han var mellom anna medlem av styret for den Arnamagnæanske stiftelsen, og av utvalet som la fram den dansk-norske oldsakslova i 1807. Han var òg ein ivrig samlar av mineral. «Efter aftale gikk jeg til conferentsraad Monrad for at se hans Mineral-Samling, der er meget vakker og, som det synest, vel ordnet». Christie lova å skaffa han mineral frå Bergen.

Måndag 11. oktober hadde Monrad lova å visa Christie Museet for Nordiske Oldsager som var skipa i 1819 som ei vidareføring av den kgl. kunstsamlinga, og som i 1894 skulle bli kjernen i det noverande danske Nationalmuseet. 

Prospekt av København frå landsida med Trinitatis kyrke og Rundetårnet til venstre i bilete. Måla av Catharina Hermine Kølle ca. 1826, Universitetsmuseet i Bergen.
Prospekt av København frå landsida med Trinitatis kyrke og Rundetårnet til venstre i bilete. Måla av Catharina Hermine Kølle ca. 1826, Universitetsmuseet i Bergen.

«Museet for Nordiske oldsager hvilket opberaves paa et, Universitets Bibliotekets tilhørende, Værelser ovenover Trinitatis Kirken. Vi gik sammen derhen kl. 10 ½ Formiddag, og jeg nød ret længe og roeligen Synet af denne vakkre Samling. Den har ca. 6000 nummer, hvoriblandt Samlingerne af Steenkiler, af Steen-Oxer eller Hammere, af Steenknive, og af Urner eller Askekrukker ere høist merkværdige, ligesom de og ansee for at være de kompletteste, der findest nogetsteds.» Samlinga har òg gjenstandar av metall som jernsverd, gullamulettar og koppar «som ere opgravede av Jorden», «meget smukke» primstavar , «helligede Stene», «runeinskrifter og bautsteinar.»

25. oktober vitja dei fuglesamlinga i Det kgl. naturhistoriske museum, ei vidareføring av Ole Worms museum frå 1600-talet. Museet hadde frå 1821 halde til i Stormgade, og stod under tilsyn av den norskfødde professoren Johannes Reinhardt. 

L0000128 Museum Wormiani Historia 1655Credit: Wellcome Library, London. Wellcome Imagesimages@wellcome.ac.ukhttp://wellcomeimages.orgNatural history museu of Ole Worm, Museum Wormiani HistoriaEngravingMuseum WormianumPublished: 1655Copyrighted work available under Creative Commons Attribution only licence CC BY 4.0 http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/
I København vitja Christie mellom anna Det kgl. Naturhistoriske museum med røter attende til Ole Worms museum frå 1650-tallet. Museum Wormiannum,1655. Wikipedia.org.

«Denne Samling bestaaende af 320 species, for det meste europeiske, udstoppede fugler, og af nogle europeiske firføddede Dyr, er opstillet i 2den etage af det Haboesk Frue-Kloster....Hver species af Fuglene har sin særskilte Caisse, der er lukket foran med Glas. Til de fleste species haves Og, liggende i deres Reder, Unger og unge Fugle saavel som gamle. De ere omgivne af saadanne Trær, Planter, Stene etc., som vise, på hvilke Steder, de opholde sig, og hva Slags Næring de fornemmeligen søge. Det hele er smagfuldt og hensigtsmessigen indrettet, og alle Exemplarer ere vel conserveret».

Reinhard introdusert Christie for samlinga og fortalde òg om korleis dei sikra seg nye objekt gjennom bytteordningar til andre museum, ein metode Christie sjølv kom til å nytta seg av nokre år seinare. Reinhardt hadde nett teke imot ei sending med 1000 fuglar frå Grønland som var ettertrakta objekt for musea lengre sør i Europa. Christie vart fort fanga i Reinhardt sitt bytenett: 

«Jeg måtte love Reinhart at gjøre mig Umagen for at skaffe ham et Exemplar af Fedt-Gaasen som... undertiden kan findes paa Søndmøre. Han vilde nærmere opgive mig endel andre fugle, som han ønskede at faae fra Bergens Stift».

Sidan vitja dei Drivhusa på Rosenborg, der det mellom anna vart dyrka druer, og så det kongelege skattkammeret på Rosenborg slott. Regalianen stod han over, då han ikkje ville uroa overhoffmeisteren som sjølv måtte vera til stades når desse vart synte fram.

Christie var òg interessert i teknologi og industri. I Lüneburg hadde han nøye studert drifta ved sølvverket, i Joachimsthal gruvedrift, i Meissen porselensproduksjon og i Berlin papirproduksjon. I København var det ein ny strømpefabrikk han fatta interesse for.

Siste nedteikninga i dagboka er i København 4. november 1823. Ifølgje lausrivne notat kjem Christie attende til Bergen 21. desember, etter eit lengre opphald i Christiania. Reiseruta frå København til Bergen er berre nemnd med stikkord i notata, og ser ikkje ut til å ha vore verd ei nærare omtale i dagbokform.

Reisa som skapte eit museum

Det er grunn til å tru at tanken om å etablera eit museum i Bergen må ha kome under utanlandsreisa og blitt modna etter heimkomsten frå Karlsbad. Den må ha blitt drøfta med nære vener som Monrad, Neumann, Konow og Sagen det fylgjande året, før Christie sende ut ein invitasjon til å etablera eit «Musæum og Naturalie-Cabinet» i Bergen, i datert 25. april 1825.

Christie sende 25. april 1825 ut ein invitasjon til å etablera eit «musæum og Naturalie-Cabinet» i Bergen. Invitasjonen var eit reint privat initiativ, men for sikkerheits skyld la Christie tittel og offentlege tyngde til i den prenta invitasjonen.
Christie sende 25. april 1825 ut ein invitasjon til å etablera eit «musæum og Naturalie-Cabinet» i Bergen. Invitasjonen var eit reint privat initiativ, men for sikkerheits skyld la Christie tittel og offentlege tyngde til i den prenta invitasjonen.
Christie sende 25. april 1825 ut ein invitasjon til å etablera eit «musæum og Naturalie-Cabinet» i Bergen. Invitasjonen var eit reint privat initiativ, men for sikkerheits skyld la Christie tittel og offentlege tyngde til i den prenta invitasjonen.

Det er blitt hevda at Christie var inspirert av British Museum då han tok initiativ til museet i Bergen. Han kjente nok dette museum av omtale, men hadde neppe erfart det ved sjølvsyn under det korte opphalde sitt i London i 1814 [5]. Då er det meir nærliggjande å tru at inspirasjonskjelder er dei kongelege samlingane i Dresden, Berlin og København som han fekk rikeleg høve til å vitja under utanlandsreisa i 1823. Utanom sjølve kuropphaldet i Karlsbad som varte i ein månads tid, var det i desse byane han opphaldt seg lengst. Både i Dresden, Berlin og København var det rike kunst, kultur- og naturhistoriske samlingar som var systematisk ordna, vel konserverte og opne for publikum – eigenskapar som Christie stadig la vekt på i dagboknotata sine.

Alle samlingstypane som er nemnde i invitasjonen frå 1825 hadde Christie sett på reisa si, noko som kan vera med å forklara den store breidda i invitasjonen. Med etableringa av Bergens Museum kan ein vel konkludera med at Christie hadde funne sitt livsprosjekt og med det kanskje òg meininga med livet ? Kjeldevatnet i Karlsbad må i alle fall ha gjort han godt.

[1] Bratland & Jordåen. Bergensposten 2/2014,

[2] Reisedagbok finst tilgjengeleg i W.M. Schjelderup si avskrift frå 1938 (ubb-ms-0227a), og i ei trykt og kommentert utgåve i Bergens Historiske Forening – Skrifter nr. 60 (1954/55). Denne er òg tilgjengeleg digitalt via Nasjonalbiblioteket; www.nb.no

[3] Frederik 6. var norsk konge i perioden 1808-1814 og dansk konge 1808-1839.

[4] Danmark fekk si Grunnlov 5. juni 1849, som markerte overgangen frå einevelde til konstitusjonelt monarki.

[5] Jordåen 2014:385.

Kjelder:

Christie, Wilhelm F.K. «Dagbog fra udenlandsreiser 1823». Originalmanuskript, Universitetsbiblioteket i Bergen.

W.M. Schjelderup si avskrift frå 1938 (ubb-ms-0227a), Universitetsbiblioteket i Bergen.

W.F.K. Christies dagbok på utenlandsreisen 1823, utgitt ved Knut Nygaard, Bergens historiske forening. Skrifter nr 60 1954/55, Bergen 1956

Jordåen, R. Wilhelm F.K. Christie Presidenten, Fagbokforlaget, 2014

Feldbæk, Ole. «Mellom brødre», Aschehougs Norgeshistorie, bind 7, 1996.

Bratland, Kenneth & Jordåen Runar. Kven var Karen Marie Berg? Bergensposten 2/2014, Statsarkivet i Bergen., 2014.

Powered by Labrador CMS