YTRING

Nils Gunnar Kvamstø, Oddrun Samdal og Arne Tjølsen

Eksamen, grunngjeving og tilbakemelding – kva vil vi prioritere?

Eksamen er ein viktig del av dei fleste utdanningane våre. Nyleg utfordra student Morten Stene oss på eksamensordningane (Khrono 9.3.) og stilte spørsmål om ikkje det er på tide med djuptgripande endringar av eksamen. Det er det mange gode grunnar til.

! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.

Eksamen er ikkje noko vi utset studentane for av vond vilje, men vurdering er faktisk ein viktig del av statsoppdraget til universitet og høgskular. Eksamensresultata er nyttig informasjon for fleire mottakarar: For universitet og høgskular er eksamensresultata ein indikasjon på om utdanningane våre verkar, for staten dokumentasjon på at pengane vi får er vel anvendte, for studentane er eksamen ein sjekk av eigne faglege prestasjonar, og ikkje minst eit steg på vegen til eit vitnemål som dei kan nytta til å dokumentera kunnskapar og ferdigheiter overfor framtidige arbeidsgjevarar.

Grunngjeving. Samtidig er den faktiske informasjonen som ligg i kvart einskild eksamensresultat relativt avgrensa: Etter eit heilt semesters arbeid sit du der med ein einaste bokstav i spennet mellom A og F. Det er ikkje mykje å bli klok av. Så kan ein seie: Studentane kan jo be om grunngjeving, og på den måten få vite kva dei trefte og bomma på til eksamen? Retten til å be om grunngjeving for vurderinga er lovfesta og viktig for studentane. Samtidig er det viktig å vere bevisst på at formålet med denne retten først og fremst er å sikre eit godt og sikkert sensurarbeid, snarare enn å fremme læring. For grunngjeving av eksamensresultatet er faktisk av avgrensa verdi i studentane sitt læringsarbeid. Den kjem alt for seint, når emnet og læringsarbeidet er over, og studentane jobbar med nye emne.

Tilbakemelding. Ulike typar tilbakemelding undervegs i læringsperioden er mykje meir effektivt for læring, og det er derfor gode grunnar til å legge den største delen av innsatsen i tilbakemelding til studentane nettopp der. Tradisjonelt har studentane fått slik tilbakemelding gjennom ulike typar oppgåver og testar undervegs. Dette vert gjerne omtalt som ‘formativ vurdering’, i kontrast til ‘summativ vurdering’ gjennom eksamen. Ei utfordring med denne modellen er at desse oppgåvene har en lei tendens til å drifte mot ‘prøveeksamenar’ der studentane øver på eksamensliknande oppgåver. Studentane blir godt førebudde til eksamen, og undervisaren får kanskje nøgde studentar og gode resultat, men kva lærer vi dei, eigentleg? Dei færraste fag og yrke lar seg omsetje til ein skoleeksamenssituasjon, og dersom eksamensoppgåvene ikkje liknar dei faglege utfordringane studentane vil møte i yrkeslivet risikerer vi at vi utdannar studentar som er ekspertar på eksamen – og ikkje på å utøve faget og yrket sitt.

Meiningsskapande samsvar. Eit problem med den tradisjonelle modellen er altså at vi har for stor merksemd på eksamen, og dermed på å hjelpe studentane til å lukkast på eksamen. Om vi snur på dette, og spør kva studentane treng for å bli gode, kritiske og kreative utøvarar av faget sitt, blir også den grunnleggjande arbeidsmetoden i god pedagogikk openberr: Først fastset vi kva studentane skal kunne, og ikkje minst kva dei skal kunne gjere, etter å ha gjennomført emna og studieprogramma våre (vi beskriv læringsutbyttet). Deretter avgjer vi korleis vi skal kunne vite at dei har tileigna seg desse kunnskapane og ferdigheitene (kva vurdering er naudsynt og formålstenleg for å teste og dokumentere læringsutbyttet). Til sist legg vi ein plan for korleis studentane skal jobbe for å tileigne seg desse kunnskapane og ferdigheitene, og kva undervisarane treng å gjere for å støtte opp om dette læringsarbeidet (vi vel dei best eigna undervisnings- og læringsformene). Når dette heng saman i eit meiningsskapande samsvar blir det ein naturleg samanheng mellom læringsmål, læringsarbeid og vurdering. Då er det formålstenleg å teste og dokumentere kunnskapar og ferdigheiter som en integrert del av læringsarbeidet, heller enn i ein isolert eksamenssituasjon.

Kvalitet kostar - og betalar seg. Sjølv om studentaktive læringsformer og meiningsfylt samsvar i undervisninga i seg sjølv ikkje treng vere meir arbeidskrevjande enn tradisjonell undervisning, så kan vegen dit være både lang og bratt. Det er både arbeidskrevjande og kompetansekrevjande å legge om undervisningsformene våre. Det krev at vi samarbeider om dette mellom ulike emne, og vi treng å sjå på pedagogisk kompetanseheving og utviklingsarbeid som ein integrert del av undervisninga. Vi må bygge ein kultur der undervisarane samarbeider, lærer av kvarandre, og deler erfaringar med kvarandre, både internt og eksternt. Dette krev tid og tillit. Og ikkje minst, vi treng lovar, reglar, og rammer i sektoren som ikkje hindrar, men støtter opp om god pedagogisk praksis.

I handlingsplanen for utdanning ved UiB (2017-2022) er det skildra at UiB skal arbeide for godt samsvar mellom læringsutbyte, undervisning og vurderingsformer, at undervisningsmetodane skal vere forskingsbaserte, og at undervisarane skal ha ein forskande og kunnskapsbasert undervisningspraksis. Rektorkandidat Oddrun Samdal og hennar team vil prioritere høgt desse prinsippa. I dette arbeidet er både vurdering og tilbakemelding blant dei viktigaste elementa.

22.-25. mars er det val av nytt rektorat! Team Samdal vil:

  • Arbeide konkret med å legge til rette for at meiningsskapande samsvar mellom læringsutbytte, vurdering, og læringsarbeid skal bli regelen i alle emne og på alle nivå på UIB
  • Legge til rette for bruk av varierte og formålstenlege vurderingsformer, både i innhald og form
  • Auke bruken av studentaktive læringsformer i alle fag og på alle nivå
  • Involvere studentane aktivt i utviklinga av undervisninga gjennom å engasjere dei som læringsassistentar og i medstudentrettleiing
  • Tilby undervisarane tid og utdanningsfagleg kompetanseheving og utvikling av undervisninga gjennom heile karrieren, som del av undervisningsdelen av dei faglege stillingane
  • Arbeide for studentane sin rettstryggleik gjennom å sikre rett til grunngjeving av karakter, og klagerettar, samtidig som vi er oppmerksame på at klagereglementet ikkje må vere til hinder for at studentaktive læringsmetodar takast i bruk og at meiningsskapande samsvar styrkast
  • Ha god og konstruktiv dialog med studentane og undervisarane for å finne gode løysingar som sikrar felles mål og interesser
  • Følgje opp UiB sin ambisiøse handlingsplan for kvalitet i utdanningane

Team Samdal ved:
Rektorkandidat Oddrun Samdal
Prorektorkandidat Nils Gunnar Kvamstø
Viserektorkandidat Arne Tjølsen

Powered by Labrador CMS